Kva er god systematisk observasjon i utdanningsforskning?

Det prøver forskingsgruppa som professor Siv M. Gamlem ved Høgskulen i Volda leiar, å finne gode svar på.

– Prosjektet vårt har fleire mål og vi er innom fleire konkrete forskingsprosjekt, utdjupar ho.

– Men det mest sentrale for oss har vore å danne eit solid nettverk for forskarar i UH-nett Vest til å utvikle kompetanse på systematisk observasjon som utgangspunkt i eiga forsking.

– Fleire forskarar ved institusjonar i UH-nett Vest har uttrykt ei felles interesse i utvikling av metodekunnskap og gjennomføring av forsking innan systematisk observasjon både med eksisterande og framtidige prosjekt.

– Det har såleis vore arbeida målretta sidan 2017 med å styrke kompetansen innan systematisk observasjon på tvers, fortel Gamlem.

Eit utgangspunkt har vore å utvikle kunnskap om korleis denne metoden saman med andre forskingsmetodar kan lage robuste forskingsdesign.

– For å få til dette har vi kvart år arrangert ein årleg konferanse.

Prosjektet var eitt av 10 prosjekt som fekk tildelt forskingsmidler frå UH-Nett Vest i fjor.

Går inn i prosjekt
Heilt konkret har medlemmer i prosjektgruppa i fjor og i år arbeidd mykje med videodata frå klasserom i prosjektet «DigiHand», som er eit samarbeidsprosjekt mellom HVO og UiS.

Dette prosjektet søkjer ny kunnskap om begynneropplæring i skriftsspråkspraksisar i «digitale klasserom» i 1. og 2. klasse. DigiHand skal studere klasserom over 2 år – frå 1.klasse og ut 2.klasse – der klasseroma representerer tre ulike vilkår for begynneropplæring i skriving:

(1) Klasserom der elevar nyttar 1:1 nettbrett og utset handskrift til 2.skuleår,
(2) Klasserom der elevar nyttar 1:1 nettbrett og startar handskriftsopplæring frå 1.skuleår, (3) Klasserom der elevar startar handskriftsopplæring frå 1.skuleår og har tilgang på datarom/nettbrett.

Midlar frå Forskingsrådet
«DigiHand» som involverer forskarar frå HVO og UiS, har fått finansiering frå Forskingsrådet, og forskarar ønska å utvide datainnsamlinga til å gjelde systematisk videoobservasjon i 22 skular. På denne måten kan prosjektet samle inn videomateriale som kan analysere lærar-elev interaksjonar i ulike vilkår i begynneropplæringa.

Eit tredje prosjekt har vore å stimulere forskarar ved institusjonane i UH-nett Vest til å publisere i nasjonale- og internasjonale tidsskrift, og å utvikle kompetanse på systematisk observasjon med utgangspunkt i søknadar til Forskingsrådet.

Formidlar og delar breitt
Gamlem fortel at prosjektgruppa har planlagt felles møtepunkt for dei to neste åra.

– Vi har søkt om støtte frå NordForsk til vidare samarbeid. I tillegg har vi også lagt inn planar om publiseringar – og ein framtidig søknad til Norges Forskingsråd.

Og på resultatsiden begynner det å ta god form.

– Vi har gjennomført to vellykka symposia på konferansen; ICSEI (International Congress for School Effectiveness and Improvement). Her viste forskarar frå Noreg og Finland til ulike prosjekt der systematisk observasjon vert brukt.

– No i september arrangerte vi ein internasjonal workshop konferanse i Stavanger om systematisk observasjon. Invitasjonen vart sendt ut til fagtilsettei UH-nett Vest og til internasjonale samarbeidspartnarar som har kome til dei to åra vi har hatt dette samarbeidsprosjektet i UH-nett Vest. Såleis var 34 forskarar frå fem nasjonar representerte på årets samling.

– I nettverket har vi også fått styrka den metodiske kompetansen til fagtilsette frå UN-nett Vest da det har vorte lansert tilbod til å delta på metodekurs og sertifiseringar i bruk av innhaldsanalyse ut frå CLASS (Classroom Assessment Scoring System).

– Nokre publiseringar har det også vorte frå fleire deltakarar i prosjektsamarbeidet – og vi som representerer gruppa håpar at dette er starten på ei vidare positiv bølgje, avsluttar leiar av forskingsgruppa og professor Siv M. Gamlem ved Høgskulen i Volda. Ho har med seg professor Sigrun Ertresvåg (UiS), professor Marja-Kristiina Lerkkanen (Universitetet i Jyväskylä) og førsteamanuensis Karin S. Street (HVL) i prosjektgruppa.

 

«Walk & Talk» med deltakere fra workshop i Stavanger 2019.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Frå symposium ICSEI-konferansen våren 2019. Frå venstre: professor Sigrun Ertresvåg (UiS), professor Siv M. Gamlem (HVO), professor Marja-Kristiina Lerkkanen (JYU), førsteamanuensis Trude Havag (UiS) og PhD-stipendiat Sanni Pöysä (JYU).