Tverrprofesjonell samarbeidslæring (TPS) (2014-17)

Arbeidsgruppa for Tverrprofesjonell samarbeidslæring (TPS-arbeidsgruppa) starta arbeidet i februar 2014. Dei har utarbeidd eit felles undervisingsopplegg for samarbeidslæring omkring «Tverrprofesjonell samhandling i helse-og velferdssektoren». Det har vore prøvd ut med suksess.

Høgskulen i Volda har etter prosjektperioden tatt på seg å driva arbeidet vidare i samarbeid med dei andre aktørane i nettverket.

Idealet for tverrprofesjonell samarbeidslæring (TPS) er at studentar frå samarbeidande yrkesgrupper kan møtast i studietida og aller helst lære å samhandle med andre yrkesgrupper i sine praksisstudiar. Å få til slike møtepunkt eller læresituasjonar for alle studentar er logistisk utfordrande. Studentane har praksisperiodar til ulike tider og på ulike stader.

For å kunne leggje eit grunnlag for denne type samarbeidslæring blir det foreslått å setje tverrprofesjonell samhandling på dagsorden gjennom eit nettbasert opplegg. Her kan studentane, gjennom interaktive læreprosessar få innsikt i prinsippa for god samhandling og dei kan lære om ulike yrkesgrupper sine kompetanseområder gjennom møter med studentar frå samarbeidande profesjonsgrupper/-utdanningar. Med ei slik felles plattform kan så utdanningane og praksisfeltet i fellesskap leggje til rette praktiske samarbeidsoppgåver når slike møtepunkt mellom ulike studentgrupper ligg til rette.

Sjå nyhendesaker til høgre i menyen for meir informasjon


Last ned rapporter fra arbeidet (pdf)

Prosjektplan_TPS-i-Vest_120116

Sluttrapport-TPS-2017