Korleis opplever NAV-tilsette manualbruk og detaljstyring av sosialt arbeid?

Spørsmålet og svara her i frå er sjølve kjernen i forskingsarbeidet som førstelektor Magne Eikås leiar i UH-nett Vest regi. Prosjektet var eitt av 10 prosjekt som fekk støtte frå UH-nett Vest i fjor.

Eikås sitt nye prosjekt har gode røter inn i forskingsarbeidet «Sosialt arbeid under endra rammevilkår» som han fekk støtte av UH-Nett Vest i 2016. I tillegg brukar prosjektet resultata frå ein survey som vart gjennomført i 2014.

– Då var det Professor Tor J. Ekeland ved Høgskulen i Volda som var prosjektleiar. Det var også eit UH-nett Vest-prosjekt med deltakarar frå Volda, Sogndal, Bergen og Stord. Vi har brukt resultata frå den surveyen i artikkelen vår.

– Ein del av resultata frå den surveyen ynskjer vi no å finne ut meir om. Fleire av spørsmåla dreia seg om slike ting som vurderingar av i kva grad ein opplever grad av detaljstyring, for mykje eller for lite, haldningar til behovet for kontroll/tilsyn som del av kvalitetssikring av arbeidet – og vurderingar av om ein kan nytte skjøn når ein brukar manualar.

For mykje detaljstyring
Eikås seier at svara på ein del av desse spørsmåla viser at det er forskjellar i vurderingar mellom profesjonane og mellom yrkesfelta ein arbeider innafor.

– Vi har særleg festa oss ved at eit fleirtal av dei som arbeider i NAV-kommune  i større grad enn dei som arbeider på dei andre yrkesfelta som surveyen var retta mot, er samde i påstanden om at det er for mykje detaljstyring av arbeidet.

– Resultata viser også at sosionomane er den profesjonen der ein er mest samd i den generelle påstanden om at det er for mykje detaljstyring.

I liten grad rom for skjøn
På spørsmålet om i kva grad ein kan nytte skjøn når ein brukar manualar, viser undersøkinga seg at det er dei som arbeider i NAV kommune som i størst grad svarer at ein i liten grad kan bruke skjøn når manualar vert brukte.

– Vi ser eit mønster der det kan sjå ut som at dei som arbeider i NAV kommune er dei som i størst grad er «bundne» av detaljstyring og standardisert bruk av manualar i det daglege arbeidet.

– Dei lokale NAV kontora har mange arbeidsoppgåver, og surveyen gjev ikkje informasjon om kva for oppgåver den enkelte sosialarbeider arbeider med innafor yrkesfeltet NAV kommune.

– Det ønskjer vi no å finne ut av.

Kva gjev rom for meir skjøn?
– Vi vil mellom anna undersøkje om det er variasjonar innafor NAV kontora når det gjeld omfanget av opplevd detaljstyring og i kva grad bruken av ulike manualar gjev rom for meir eller mindre utøving av profesjonelt skjøn.

– For å finne svara på slike spørsmål vil vi no nytte kvalitativ metode.

– Den førebelse hovudproblemstillinga i prosjektet vårt er: Korleis vurderer sosialarbeidarar som arbeider ved lokale NAV-kontor høvet dei har til å utøve fagleg skjøn når dei nyttar manualar i det daglege arbeidet?

– Ei underproblemstilling vil vere å få nærmare innsikt i korleis dei ser på detaljstyring/kontroll frå overordna styringsnivå, og kva for konsekvensar dei meiner dette kan ha for den faglege skjønsutøvinga.

Volda og Stavanger med
Eikås fortel einno har sluttført  arbeidet med intervjuguiden og at ein nett har starta arbeidet med å finne informantar ved NAV-kontor i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Intervjua vil bli gjennomført i løpet av hausten, og resultata vil såleis ikkje vere klare før i 2020.

Førstelektor Magne Eikås som arbeider ved Høgskulen på Vestlandet har med segførsteamanuensis Alf Roger Djupvik ved Høgskulen i Volda og førsteamanuensis Svein Tuastad ved Universitetet i Stavanger i prosjektgruppa.