Forteljarmaskinen «AI Narrator» tar nye steg

UH-nett Vest er ein viktig part i det spennande arbeidet kring ein hypotetisk prototype av ein autonom forteljar basert på kunstig intelligens. I vår var nettverket med å skipa til eit tverrfagleg seminar i Stavanger, om korleis humanistiske innsikter knytt til subjektivitet og forteljing best kan nyttast til denne “forteljarmaskinen” kalla «AI Narrator».

Tekst: Ingvild Abildgaard Jansen og Jon Øivind Hoem.

Foto: Gunnhild Sofie Vestad.

Arbeidet med forteljarmaskinen tok til i november i fjor. Då gjennomførde forskarnettverket TekLab eit tverrfagleg seminar i London som tok for seg AI Narrator. AI Narrator er ein hypotetisk prototype av ein smarttelefon-basert Kunstig Intelligens (eller «Artificial Intelligence») som skal brukast i kombinasjon med AR-briller og øretelefonar.

På grunnlag av tildelinga av støttemiddel frå UH-Nett Vest hausten 2018, vart det arrangert eit nytt seminar 14. mars og 15. mars 2019; denne gongen i Stavanger. Arrangør var førsteamanuensis i filosofi ved Universitetet i Stavanger, Cato Wittusen. Seminaret i Stavanger gjorde det mogleg å fortsetja diskusjonane om AI Narrator som vart starta opp under seminaret i London i november 2018.

Seminaret hausten 2018 var finansiert med middel frå NFR, hadde eit internasjonalt fokus og føregjekk på engelsk, medan seminaret i mars fokuserte meir på nasjonale aktørar og føregjekk på norsk. Seminaret i mars inkluderte i hovudsak deltakarar frå Universitetet i Stavanger, Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet og Høgskulen i Volda— institusjonar som alle er medlemmer i UH-nett Vest.

Les også: AI Narrator: Forteljingar som passar brukaren

 Den humanistiske sida av AI Narrator

Seminaret i mars var eit samarbeid mellom TekLab, IKT og medier og Universitetet i Stavangers programområde “Filosofi og subjektivitet”, leidd av Cato Wittusen.

Siktemålet med programområdet er å bidra til ei djupare filosofisk forståing av fenomenet subjektivitet. Ein ønsker å betra føresetnadene for å kunna løysa problem der tilvisingar til subjektivitet står sentralt, ikkje berre innan filosofi, men òg innan vitskapar som psykologi, sosiologi, statsvitskap, psykopatologi og hjerneforsking.

Subjektivitet handlar om perspektivet til ein person eller meining, spesielt kjensler, tru og ønske, og blir brukt for å referera til uverifiserte personlege meiningar, i motsetning til kunnskap og kunnskap basert på faktum. Filosofien brukar ofte subjektivitet som antonym til objektivitet.

Seminaret i London i november 2018 var meir orientert mot dei teknologiske aspekta ved AI Narrator. Gjennom samarbeidet med programområdet for filosofi og subjektivitet, var det naturleg at seminaret i Stavanger i mars 2019 fokuserte meir på den humanistiske dimensjonen ved AI Narrator. 

“Forteljarmaskinen” i Stavanger

Seminaret i Stavanger var eit filosofisk seminar om medium og teknologi. Ein ville fortsetja å utforska moglegheitene i immersive eller sfæriske medium; ein ville gå djupare inn i det humanistiske grunnlaget for slik mediering, og dei opplevingane som blir skapte.

Lars Nyre, TekLabs prosjektleiar og professor i nye medium, journalistikk og teknologi ved Universitetet i Bergen, innleidde seminaret. Dette gjorde han mellom anna ved å peika på nokre sentrale spørsmål:

Kva er ei forteljing?

Korleis bør vi nærma oss subjektivitet og immersjon som element i opplevinga av forteljinga?

Kan ein «omsetja» ein forteljingsstruktur og element på ein slik måte at dei kan utførast automatisk av ei datamaskin, og presenterast til menneske ved hjelp av Virtual eller Augmented Reality?

Kva for teoriar kan best hjelpa oss å svara på slike spørsmål?

Tverrfaglege diskusjonar om AI Narrator

Seminaret gjekk over to dagar, og kvar av dagane hadde seminardeltakarane presentasjonar der dei tok for seg AI Narrator frå sine eigne perspektiv, basert på eigne erfaringar og ekspertise.

TekLab er eit forskarnettverk som alltid er opptatt av å ha eit tverrfagleg fokus på arbeidet. Difor vart ulike fagområde representert under seminaret: Mellom anna filosofi, medievitskap, informasjonsvitskap, journalistikk, turisme, kunst, musikk, lydmedium, lingvistikk, spel, film og fjernsyn.

Kvar av dei to seminardagane vart dei faglege presentasjonane følgd av diskusjonar i plenum.

Under seminaret spurde ein seg korleis humanistiske innsikter knytt til subjektivitet og forteljing best kan nyttast til ein kunstig intelligent “forteljarmaskin” som kan lagast av programutviklarar.

Eit gjennomgåande tema for seminaret var òg korleis humanistiske vitskapar kan bidra til ein forteljande instans, heilt eller delvis styrt av kunstig intelligens. Humanistiske tradisjonar har mykje å bidra med i forhold til rolla til forteljaren; frå kva for ein ståstad det blir fortalt, med kva slags stemme det blir fortalt, innanfor kva for sjangrar og med kva for tradisjonar det blir fortalt, med meir. Alt dette er premissar for dei reglane som ein AI Narrator må fungera innanfor.

Eit anna spørsmål var korleis bruken av teknologien positivt kan påverka kunnskapar innan humaniora.

Ein vidareføring av seminaret i London

I tillegg diskuterte ein vidare nokon av problemstillingane som vart tatt opp under førre AI Narrator-seminar i november 2018. Døme på desse problemstillingane var:

1) Kva er hensikta med AI Narrator? Kan hensikta vera å utforska det som er teknisk mogleg, eller bør ein ha eit “større” prosjekt?

2) Kva finst av eksisterande teknologiar, og korleis forhald ein seg til dette?

3) Nokon må, i ein norsk kontekst, bidra til å skapa alternativ til Google og Amazon. Dette er fordi ein treng denne typen teknologi innanfor mange ulike yrker.

4) Skal forteljingane vera fiksjon, ikkje-fiksjon eller begge deler? Dette er eit viktig spørsmål, sidan ikkje-fiksjon reiser ei rekke etiske og juridiske problemstillingar.

Prosjektet må komma fram til ei tverrfagleg forståing av immersjon, og deretter bruka denne forståinga til å skapa den best moglege eller sterkaste immersive opplevinga.

Prosjektet må òg truleg utforska mange løysingar, til dømes gjennom prototypar, før ein kan byrja å laga sjølve maskina. Gjennom maskina vil det likevel komma nye problemstillingar til syna, som først blir avdekt når denne blir konkretisert.

Seminarprogrammet:  

Torsdag 14. mars 2019

09.15 – 09.45. Cato Wittusen, UiS: “Subjektivitet og immersive forteljingar. Innleiande spørsmål og betraktningar”.

09.45 – 10.15. Lars Nyre, UiB. “Vitnemaskina. Kan impliserte vitneposisjonar i nyheitene automatiserast?”.

10.30 – 11.00. Nadine Zoghbi, UiS. “Hearing is believing: Sound design’s role in achieving immersion”.

11.00 – 11.30. Veronica Blumenthal, UiS. “Immersjon i styrte besøksattraksjonar: Fasar og involveringsnivå i immersjonsprosessen”

11.30 – 12.00. Audun Klyve Gulbrandsen, UiB. “Handskrift i Augmented Reality. Ein eksperimentell prototype”.

13.00 – 13.30. Joakim Vindenes, UiB. “Omsluttaheit, nærvær og legemsidentifikasjon i Virtual Reality. Informasjonsvitskaplege og filosofiske perspektiv”.

13.30 – 14.00. John Richard Sageng, Game Philosophy Network. “Spillmekanikk og fiksjonelle handlingar i dataspel. Eit filosofisk perspektiv på immersjon i interaktiv narrasjon.”

14.00 – 14.30. Petter Frost Fadnes, UiS. “Technocratic jazz coop. Ei maskin for innspeling, liv, død og subjektivitet»

14.45 – 15.15. Bjørnar Tessem, UiB. “Kan kunstig intelligens vere kreativ? Eit informasjonsvitskapleg perspektiv på AI Narrator”

15.15 – 16.30. Plenumdiskusjon ved Lars Nyre.

Fredag 15. mars 2019

09.00 – 09.30. Jon Hoem, HVL: “Forteljarteknikk for sfæriske medium. Korleis blir premissane endra for forteljing når media blir meir ‘medierike’, og deler av kontrollen blir overlaten til andre enn ‘forteljaren’?”

09.30 – 10.00. Sigmund Trageton, UiS: “Det narrative paradoks i VR. Ein komparativ narrativ analyse av to VR-forteljingar.»

10.00 – 10.30. Maud Ceuterick, UiB: “Creation of a queer affirmative space through sound in augmented reality”.

10.45 – 12.00. Plenumdiskusjon knytt til AI Narrator ved Bjørnar Tessem.

NARRATIVT PARADOKS: Sigmund Trageton (UiS) snakkar om “Det narrative paradoks i VR”; konflikten mellom den meir frie, interaktive naturen til VR som medium, og strukturen som krevst av tradisjonelle oppfatningar av forteljing og plott.

 

GRUPPEDISKUSJONAR: Tverrfaglege diskusjonar i plenum om AI Narrator. Frå venstre: Kjetil Vaage Øie (HVO), Øystein Jensen (UiS), Gunhild Ring Olsen (HVO).