AI Narrator: Forteljingar som passar brukaren

Forskarnettverket TekLab fekk forskningsmidler frå UH-nett Vest, og det utløyste nye midler frå Noregs Forskningsråd. No arrangerer forskarnettverket tverrfaglege seminar i Noreg og andre land. Målet er å utvikla konseptet til ein autonom forteljar basert på kunstig intelligens.

Tekst: Ingvild Abildgaard Jansen

Teklab er eit aktør-nettverk for akademisk teknologiutvikling ved Universitetet i Bergen, lokalisert i Media City Bergen. I januar 2018 fekk TekLab støtte frå UH-Nett Vest for å kunna utvikla ein større søknad om støttemidlar til TekLab.

VR-FORTELJINGAR: Førstelektor Tormod Utne ved Høgskulen i Volda fortel om deira satsing på journalistiske VR-forteljingar i samarbeid med Sunnmørsposten. Foto: Gunnhild Sofie Vestad.

 

Støtte frå SAMKUL
I februar 2018 søkte TekLab om støttemidlar frå SAMKUL-programmet, eit forskingsprogram i regi av Noregs forskingsråd. Søknaden vart planlagd og utført av TekLabs prosjektleiar og professor i nye medium, journalistikk og teknologi ved UiB, Lars Nyre, og medievitskapleg assistent for TekLab, Ingvild Abildgaard Jansen.

SAMKUL ynskjer blant anna å støtta prosjekt som viser korleis forsking med kulturelle perspektiv kan auka forståinga til folk for – og hjelpa dei til å takla – noverande samfunnsmessige endringar innanfor området “teknologi og materielle omgivnader». Dette gjer SAMKUL særskild relevant for TekLab.

Støttemidla TekLab fekk frå SAMKUL-programmet i juni 2018 gjorde det mogleg for TekLab å arrangera eit TekLab-seminar i London, der TekLab samla deltakarar frå ulike norske og utanlandske universitet og høgskular. Seminaret vart halde 29. og 30. november 2018 .

Seminar i London
Hovudfokuset til seminaret i London var AI Narrator, ein smarttelefon-basert Kunstig Intelligens (eller «Artificial Intelligence») som skal brukast i kombinasjon med AR-briller og øretelefonar. AI Narrator er ein hypotetisk prototype, og er framleis tidleg i planleggingsfasen.

AI NARRATOR: Professor Bjørnar Tessem ved Universitetet i Bergen er hjernen bak «AI Narrator». Her forklarar han konseptet, medan professor Lars Nyre (t.h., også UiB) og fyrsteamanuensis Cato Wittusen (foran) ved Universitetet i Stavanger lyttar. Foto: Gunnhild Sofie Vestad.

 

Det skriftlege innspelet til seminaret, eit såkalla “position paper”, presenterer eit kollektivt tankeeksperiment der eit forskingsteam kan konstruera ein AI-prototype viss dei gjev han dei riktige instruksjonane. Prototypen skal kunna ha evna til å skapa og samla innhald, slik at det resulterer i ein meiningsfull forteljing basert på datahandsaming i sanntid. Prototypen skal òg kunna presentera denne forteljinga på måten som best passar den menneskelege brukaren.

AI Narrator er eit autonomt medium, og bør vera i stand til å utføra oppgåver som å presentera lokale nyhende, forteljingar, dokumentarar, historieprogram, faktainformasjon, musikk, reklame og meir. Forteljingane og medieformene skal i teorien tilpassast rørsler, kjenslemessig tilstand, og andre aspekt ved identiteten til brukaren.

Tverrfagleg samarbeid om IKT og medium
Hovudføremålet til seminaret var å byggja eit grunnlag for konstruktive diskusjonar om realismen i å laga ein teknologi som AI Narrator: Til dømes kven som skal bruka han, korleis og kvifor han skal brukast, og dessutan etiske diskusjonar rundt personvern, redaksjonelt ansvar og samfunnsoppdrag. Difor hadde deltakarane på førehand vorte beden om å presentera sine eigne kompetanseområde og å relatera presentasjonane sine til konseptet AI Narrator.

TekLab-nettverket ynskjer alltid å oppfordra til tverrfaglege samarbeid mellom humaniora og teknologi-baserte fagfelt. Seminardeltakarane hadde difor ulike fagfelt og bakgrunnar – slik at ein kunne få ulike perspektiv på AI Narrator-prosjektet. Fagfelta inkluderte: Medievitskap, informasjonsvitskap, informatikk, nye medium, journalistikk, datavitskap, medie- og interaksjonsdesign, mediekunst og filosofi.

AUTOMATISERING: Postdoktor Cristina Marco (i midten) frå NTNU snakkar om automatisering av redaksjonelle prosessar ved hjelp av ny teknologi. Høgskulelektor Kjetil Vaage Øie (t.v.) og dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn (t.h.) ved Høgskulen i Volda lyttar. Foto: Gunnhild Sofie Vestad.

 

Seminar i Stavanger
Jon Hoem er førsteamanuensis i digitale medium ved Høgskulen på Vestlandet, og ein av TekLabs sentrale medlemmar. I november 2018 sikra Hoem vidare støttemidlar til TekLab og AI Narrator-prosjektet frå UH-Nett Vest.

På grunn av denne tildelinga vert det planlagt eit nytt TekLab-seminar i vårsemesteret 2019 – denne gongen i Stavanger. Arrangørar er fyrsteamanuensis i filosofi ved Universitetet i Stavanger, Cato Wittusen.

Seminaret vil gjera det mogleg å halda fram med diskusjonane om AI Narrator som vart starta opp under seminaret i London i 2018.

Institusjonane som vart representert av seminardeltakarane:

  • Universitetet i Bergen
  • Høgskulen på Vestlandet
  • Høgskulen i Volda
  • Universitetet i Stavanger
  • Norges teknisk-naturvitskaplege universitet
  • Royal Holloway University of London
  • Athens Technical University