Stor strekk i laget når teknologien gjer sitt inntog i høgare utdanning

MOOC-ar, app-ar og videostrømming susar inn i læringsmiljøet på høgskular og universitet.

– Målet for forskingssamarbeidet vårt er å fram erfaringar med korleis høgare utdanning reflekterer over bruk av teknologi i undervisninga, fortel Aslaug Grov Almås.

Store endringar
Som førsteamanuensis innan IKT i læring på HVL ser ho at eit aukande antall av utdanningane vert hybridiserte, det vil seie at ein har undervising via internet og på samlingar på campus.

– Ei slik endring fører til at me treng utvikla nye praksisar for korleis digitale læringsmiljø skal sjå ut. Kva skal me gjera via nettet og kva skal me gjera når me møtest fysisk?

– Dette er ei kompleks oppgåve, der fleire faktorar inngår. Faga sin eigenart og tilsette sin kompetanse er døme på avgjerande faktorar.

– Nokre av dei teknologiane dei involverte institusjonane i dette prosjektet har teke i bruk er strømming av førelesingar, MOOC og ein sjølvutvikla applikasjon.

Brei forskargruppe
Aslaug Grov Almås har i forskargruppa med seg fleire gode kollegaer, mellom anna førstelektor Anders Grov Nilsen frå HVL.

– I tillegg har me med Ingrid Helleve som er professor i pedagogikk ved Institutt for pedagogikk ved Psykologisk Fakultet på Universitetet i Bergen.

– Profesjonell utvikling for lærarar og lærarutdannarar er hennar kompetansefelt. Helleve har i tillegg doktorgrad med fokus på teknologi og pedagogikk, og har i seinare tid publisert artiklar om lærarar si rolle i det digitale klasserommet, fortel Grov Almås.

Hilde Gry Leer-Salvesen som er tilsett som rådgjevar på IT-kontoret ved Høgskulen i Volda har og ei viktig rolle i prosjektet.

– Me har begge vore med i UH-nett Vest si «Arbeidsgruppe for Digital samhandling» sidan oppstarten.

Helene Gram som er seniorrådgjevar ved NettOp (Avdeling for utvikling av digitale læremidler) ved Universitetet i Stavanger er også med.

– Ho har lang erfaring frå digitaliseringsarbeid i høgare utdanning og kjenner både teknologiar og korleis nye verktøy kan utviklast i samarbeid med fagtilsette.

Strekk i laget
Aslaug Grov Almås fortel at ein i prosjektet har gjort intervju med fagtilsette ved UiS, HVL, UiB og HVO.

– Me har særleg konsentrert oss om app-en «Lærar for ein dag» som tidlegare er utvikla i eit samarbeid mellom HVL og UiS.

– Utviklinga av nye undervisningspraksisar byggjer på det me gjer i møta med studentane i dag, samtidig som me skal ta innover oss studentane sin nye kvardag og mulighetane og avgrensingane som ligg i teknologien.

– Resultata frå prosjektet synes at det er stor «strekk i laget» i forhold til korleis me brukar og reflekterer rundt nye verktøy.

Aslaug Grov Almås fortel at ein vil leggja fram resultata på konferansen til NERA (Nordic Educational Research Association) i mars.

– Me i prosjektgruppa ynskjer gå vidare med prosjektet og har difor søkt meir prosjektmidlar frå DIKU si utlysing om Studentaktiv læring.

App-en «Lærar for ein dag» har vore eit av fleire utgangspunkt for forskingsprosjektet «Bruk av teknologi i høgare utdanning» som har fått tildelt forskingsmidlar frå UH-nett Vest. Målet med prosjektet er å få fram kunnskap og erfaringar med korleis høgare utdanning reflekterer over bruk av teknologi i undervisninga.