Språksamlingane med UH-nett Vest-blikk

UiB har fått språksamlingane i hus og no koplar ein på UH-nett Vest og tre av arbeidsgruppene til seminar i Bergen 4. november. Målet er å lasta ut materiale til fleire profesjonsretta masteroppgåver knytt til samlingane.

Det er dei tre nettverka nynorskforsking, bibliotek og lærarutdanning som går saman om å arrangera eit seminar om ei didaktisering av språksamlingane. Målet er å sjå korleis materialet i samlingane kan nyttast i profesjonsretta masteroppgåver i den nye grunnskulelærarutdanninga.

På programmet er det lagt opp til diskusjonar og oppspel.

Åse Wetås (direktør i Språkrådet) vil innleie om språksamlingane: Kva finst? Kva kan det forskast på? Innspel og tankar om korleis driva på med profesjonsretta forsking på dette materialet.

Agnete Nesse (HiB) tek for seg masteroppgåver i grunnskulelærarutdanningane. Føringar og omfang. Kva er realistisk? Korleis kan dei vera profesjonsretta og skulerelevante?

Edit Bugge (HiB) og Randi Neteland (HiB) vil sjå på  talemålsdelen av språksamlingane og idear til talemåls-masteroppgåver.

Leiv Inge Aa (NTNU) belyser leksikografidelen av språksamlingane og idear til leksikografiske masteroppgåver. Vinkla mot nynorsk.

Eldar Heide (HiB) går inn på stadnamndelen av språksamlingane og idear til namne-masteroppgåver.