Internasjonal inspirasjon skal gi meir og betre praksis

Studentrådet hentar kunnskap både innanlands og utanlands. I år gjekk den årlege studieturen til Birmingham. Med seg heim fekk dei kunnskap og inspirasjon til korleis ein kan få meir og betre studentpraksis i det norske utdanningsløpet.

Praksis i studieløpet har vore eit gjennomgåande tema i studentrådet i fleire år. Det vert jobba godt, og i NOKUT-rapporten ”Til glede og besvær – praksis i høgare utdanning” skisserast fleire utfordringar knytt til studentpraksis, som studentrådet har gripe fatt i.

– Me har jobba ein del med rapporten og det er tydeleg at det trengs god og oppdatert kunnskap om kva som må til for at fleire studentar kan få praksis av høg kvalitet.

– Me veit òg at det er meldt ei stortingsmelding om samarbeidet mellom høgare utdanning og næringslivet. Det viser at Regjeringa ser viktigheita av praksis i høgare utdanning, og dei moglegheiter og utfordringar dette medfører, seier Stian Sunde i Studentrådet.

Lengre fremme
Han fortel at studieturen til Birmingham har vore godt planlagt.
– Målet vårt er å tileigne oss god kunnskap og inspirasjon til korleis ulikt samarbeid med arbeidslivet kan sjå ut.

– Dette som nyttige innspel til institusjonane våre, men og til Regjeringa og deira arbeid med meldinga. Her vil me vera tett på.

Birmingham vart vald som studiestad då Universitetet i Agder har vore der på studietur i forbindelse med sitt strategiarbeid for nokre år sidan.

– Birmingham er kjent for å ha ein god variasjon av samarbeid med arbeidslivet rundt og ein fin bredde i studentpraksisen. Dei er nok lengre fremme på feltet enn oss.

Gode prosjekt
Første post ved University of Birmingham var det prisvinnande prosjektet Careers Networks.

– Det var eit veldig inspirerande og kreativt konsept som handlar om korleis studentar og næringsliv byggar relasjonar og nettverk.

– Careers Networks starta i 2011 og har sidan den gang fått meir og meir støtte og midlar frå universitetet til å halde fram med og utvikle arbeidet.

– Me fekk høyre masse om eit tiltak dei kalla «internships» og andre måtar å skape relasjonar mellom student og næringsliv. Dei har og ei god mentor-ordning mellom næringsliv/alumni og noverande studentar

Internasjonalt samarbeid
Den aktuelle saka om Brexit og utveksling i Storbritannia var og framme.

– Me møtte fleire frå internasjonal avdeling ved universitetet og fekk høve til å snakke om moglegheitene for å skipa nye utvekslingsavtalar med dei ulike institusjonane heime i Noreg.

– Me fekk og høyre korleis dei såg på utfordringa med Brexit og korleis det påverkar dei internasjonale studentane deira, fortel Stian Sunde.

Like problemstillingar
Rundtur på campus og møte med  Studentsamfunnet stod og på programmet.

– Veldig spennande å høyre kva tilbod dei hadde for studentane sine og ikkje minst kva utfordringar dei hadde i den daglege drifta.

– Dei representerte ein stad mellom 35-40.000 studentar, meir enn dobbelt så mykje som den største institusjonen i UH-nett Vest, men dei hadde framleis mange av dei same utfordringane som heime i Noreg.

– Mellom anna: Mangel på frivillig engasjement hjå studentane, ikkje nok midlar til å drive alt av ynskjelege tilbod, og utfordringar i høve gjennomslag av sakar hjå universitet.

Omsetje til norske forhold
På studieturens siste dagar blei det intern workshop for å samle opp inntrykk, inspirasjon og ny kunnskap.

– Me fekk drøfta korleis me kan omsetje den nye kunnskapen frå turen til noko som kan implementerast heime i Noreg og på dei ulike institusjonane.

– Praksis i studieløpet vil òg vere tematikk for vårt innlegg på Solstrandseminaret i april.

Studentrådet brukte god tid til oppsummering, konkretisering og kopling mot norske forhold.
Careers Networks har stor støtte og oppslutnad hjå toppleiinga på universitetet.
Studentrådet var i slutten av januar på inspirerande tur til Birmingham. Her henta dei heim ny og verdfull og kunnskap om praksis. Her ser me Cathrine Johanne Sønvisen (UiS, og leiar av Studentrådet),Benedicte Nordlie (UiA, og nestleiar av Studentrådet), Bjørn Olav Østeby, (HVL, region midt), Jesper Krusell, (HVL, region sør), Simen Jester Langeland (HVO), Stian Sunde, (HVL,  region nord), Nikolai Klæboe (UiB), Line Korsmo (NLA)og Ida Nagel Fredriksen (VID).