Forskar på det språklege spelerommet for unge nynorskbrukarar

Når og korleis brukar ungdomsskuleelevar med nynorskbakgrunn, nynorsk, bokmål eller dialekt når dei skriv? Kva skriv dei i skuletimane, på Facebook, på Snapchat, på Instagram, og kva skriv dei til venner og til besteforeldre? Det er essensen i eit forskingsprosjekt i UH-nett Vest som professor Endre Brunstad ved Universitetet i Bergen/Høgskulen i Volda leiar.

– Me er midt i innsamlinga av data med ei spørjegransking på ungdomsskular i Volda, Sogndal, Ålesund og på Stord.

– I tillegg er det aktuelt å få med nye Alver kommune.

– Resultata frå spørjegranskinga vil bli drøfta på eit seminar i april-mai, og det vil bli gjennomført nokre intervju før skulen sluttar i juni og nokre tidleg i haust.

– Målet er å leggje fram resultat på konferansen «Møte om norsk språk» i Trondheim i november 2019, og det er opning for at vi kan publisere resultat frå prosjektet i eit særnummer av serien «Skriftkultur» 2/2020 (fagfellevurdert skriftserie på Cappelen Damm sin digitale plattform NOASP), fortel professor Endre Brunstad. Han har med seg forskarar frå Universitetet i Bergen, Høgskulen i Volda og Høgskulen på Vestlandet kampus Stord og Sogndal i dette spennande prosjektet. Det vidarefører eit arbeid han har sett i gang ved ungdomsskular i Fjell kommune.