Arbeidsgruppa for digitalt samarbeid kom heim med ny kunnskap og god inspirasjon etter studieturen i Danmarks hovudstad i byrjinga på juni.
Alle medlemsinstitusjonane i nettverket var representert og totalt var 23 personar med på turen, som starta med besøk til Københavns Professionshøjskole, UCC (University Campus Calrsberg) og introduksjon til konseptet Future Classroom Teacher.
– Det danske utdanningsdepartementet har lansert eit treårs program og ei investering på 54.4 millionar danske kroner for innføring og utprøving av det nye faget “Teknologiforståelse” i grunnskulen.
– Både faget sitt innhald og omfang er i særklasse i Norden, og Danmark er no leiande når det gjeld systematisk endring av utdanningssystemet i forhold til moglegheitene med ny teknologi, fortel førsteamanuensis Aslaug Grov Almås (HVL).
UCC FutureClassroomLab er sentral i ekspertgruppa for programmet.
Dagen etter på deltok arbeidsgruppa på konferansen «Hvornår virker det?» som blei arrangert av Foreningen for fleksibel utdannelse i Danmark.
– Me var fem personar som deltok med innlegg på konferansen. I etterkant av konferansen hadde me presentasjonar innad i gruppa om kva aktivitetar den einskilde institusjon arbeider med.
Siste dag blei det erfaringsutveksling mellom medlemsinstitusjonane, og det blei raskt konkludert med at turen til København i aller høgste grad var dagsaktuell.
– For arbeidet med digitalisering i UH-nett Vest er UCCs kompetanse høgst interessant.
– Særleg vart utvikling av pedagogiske læringssenter diskutert sidan mange av institusjonane i UH-nett Vest no arbeider med eller etablerer tilsvarande. Utviklinga av pedagogiske læringssenter, også kalla didaktisk lab eller digitalt verksted, er krevjande med tanke på areal og teknisk utstyr. I tillegg kjem pengar til drift og vedlikehald.
– Målsettinga med slike senter er integrasjon i utdanningane, mot betre kvalitet, relevans og læringsutbytte hos studentane. Korleis me skal lykkast med dette stod sentralt i seminaret i København, understrekar Aslaug Grov Almås i arbeidsgruppa.