Arbeidsformer, eksamen og sensur

Tilbodet i Nasjonalt Rektorprogram (Skuleleiing PEDA 661, UiB, 30 stp) baserer seg på at skuleleiarane gjennom hele studietida skal ha fokus på leiarutvikling i egen organisasjon. Studiet er bygget opp med arbeidskrav som inneber at deltakarane må arbeide systematisk og førebu seg til alle samlingane. Studiet er på masternivå.
Det blir forventa at deltakarane møter på samlingane  og kullkoordinator får melding  dersom ein ikkje kan møte. 

1. Arbeidsformer på samlingane


På samlingane vil det bli lagt opp til forelesingar, diskusjonar, ferdigheitstrening og rettleia gruppearbeid. Kvar rettleiingsgruppe får ein fast rettleiar, og deltakarane blir inndelt i rettleiingspar som følgjer arbeidsprosessen til kvarandre i skrivinga av dei to tekstane som skal inngå i eksamensmappa. Mellom samlingane blir det også lagt opp til praktisk arbeid som ikkje er knytt til eksamen. Studentane blir oppmoda om å halde seg orienterte om utdanningspolitiske saker og ha med seg avisutklipp til samlingane.

2. Arbeidskrav


Deltakarane lever til saman fire korte refleksjonsnotat, eitt etter kvar av samlingane to, tre, fire og fem (600-800 teikn per tekst). Refleksjonsnotata skal vere knytt til tema på samlingane og vise på kva måte fagstoffet kan medverke til auka forståing eiga leiarrolle (t.d.: Kva fekk du ut av denne samlinga? Var noko av ferdigheitstreninga viktig for deg? I kva grad opplevde du foredraga og aktuell litteratur nyttig for deg som leiar/for utviklingsprosjektet ditt?).

Det er ingen særskilde krav til korleis refleksjonsnotata blir skrivne, men det skal vere ein fagleg, reflektert tekst som også skal innehalde litteraturliste.  Er ein deltakar borte frå samlinga, blir refleksjonsnotatet skrive ut frå det oppgitte temaet og litteratur knytt til samlinga.

Arbeidskravet - alle fire refleksjonsnotata - må vere godkjende av kullkoordinator før studenten får gå opp til eksamen.

3. Eksamen/sluttvurdering:


Studiet er bygd opp rundt fem hovudtema:
1. Læringsresultat og læringsmiljø for elevar
2. Styring og administrasjon
3. Samarbeid og organisasjon
4. Utvikling og endring
5. Leiarrolla – ei heilskapleg utfordring


Studentane skal levere ei eksamensmappe som inneheld to individuelle tekstar som skal bidra til læring av fagstoff, refleksjon og systematisk argumentasjon som grunnlag for å styrke eiga utøving av leiarrolla:
1. Utviklingstekst som skal ha hovudtyngd knytt til tema 1 og/eller 4 og 5
2. Fordjupingstekst som skal ha hovudtyngd knytt til tema 2 og/eller 3 og 5

Temaområde 5 har overordna karakter og er relevant for arbeidet med begge tekstane. Begge tekstane må få vurderinga bestått for at studiet skal bli godkjent.


3.1 Tekst 1.  Utviklingstekst


Deltakarane startar med utviklingsteksten. Gjennom arbeid med teksten vil deltakarane få høve til å bearbeide eigne erfaringar for å auke fagleg innsikt i endringsprosessar, blir tryggare og meir reflektert som leiar og får auka kompetanse til å gjennomføre nødvendige endringar på eigen skule.

Det blir gitt rettleiing og tilbakemelding på tekstane både av den faste rettleiaren og av medstudentar. Noko av rettleiinga blir gitt skriftleg på Fronter, noko munnleg på samlingane. Deltakarane får primært rettleiing på skriving av utviklingsteksten, ikkje på korleis prosjektet blir gjennomført.

3.1.1 Krav til innhald og form

  • I teksten skal det gjerast greie for eit pedagogisk utviklingsarbeid på egen skule, anten eit nytt prosjekt som skal startast opp, eller eit som allereie er i gang
  • Teksten skal ta utgangspunkt i konkrete leiautfordringar i utviklingsarbeidet og vise korleis desse blir handtert i samarbeid med skuleeiger
  • Teksten skal ha ei problemstilling som blir utforma i samråd med medstudentar og rettleiar og skal godkjennast av rettleiar
  • Relevant teori/ faglitteratur skal presenterast
  • Problemstillinga skal drøftast i lys av teori 
  • Teksten skal ha ei klår innleiing med kort omtale av kva utviklingsarbeid som det blir gjort greie for i teksten, ein hovuddel og ei avslutning med oppsummering eller konklusjon på problemstillinga. Informantar skal anonymiserast
  • Teksten skal ha ei akademisk form, og litteraturlista, bruk av sitat og tilvisingar skal følgje vanleg akademisk standard
  • Omfang: 4000 ord, Calibri, 11 pkt., 1,5 linjeavstand


3.1.2 Arbeidet med utviklingsteksten

1. Arbeid i tilknyting til andre samlinga

  • Tre veker før andre samlinga presenterer deltakarane ein prosjektplan på Fronter.  Planen inneheld ein kort omtale av skulen, konkrete utfordringar som direkte eller indirekte kan knytast til læringsmiljøet og elevene sine læringsresultat. I tillegg skal planen innehalde utkast til problemstilling, målsetting for utviklingsarbeidet og opplegg for gjennomføring/tiltak (ca. 2-3 sider). Det er ein føresetnad at skuleleiar har drøfta utfordringane både med personalet og med skuleeigar.  Det er høve til å velje eit utviklingsarbeide som allereie er i gang
  • To veker før samlinga gir rettleiingspara tilbakemelding til kvarandre (Fronter) på problemstilling og samanheng mellom målsetjing og tiltak. Alle les utkasta til dei andre i gruppa
  • Ei veke før andre samlinga gir rettleiar tilbakemelding til den enkelte på utkast til problemstilling
  • På andre samlinga blir dei ulike prosjekta drøfta i rettleiingsgruppene
  • Seinast ei veke etter samling to skal alle ha fått godkjent problemstillinga av rettleiar


2. Arbeid i tilknyting til tredje samlinga

  • Tre veker før tredje samlinga legg deltakarane andre versjon av teksten ut på Fronter. Fokus no er dokumentasjon av utviklingsprosessen
  • To veker før samlinga responderer rettleiingspara på tekstane til kvarandre
  • Ei veke før samlinga gir rettleiar tilbakemelding til den enkelte

3. Arbeid i tilknyting til fjerde samlinga

  • Tre veker før samling fire legg deltakarane tredje versjon av teksten ut på Fronter. Fokus no er aktivitet, leiarutfordringane i utviklingsprosjektet og korleis desse kan handterast
  • To veker før samlinga responderer rettleiingspara på tekstane til kvarandre
  • På samlinga gir rettleiar tilbakemelding til den enkelte når rettleiingsgruppene møtast


4. Arbeid etter fjerde samlinga

  • Deltakarane arbeider vidare med å ferdigstille teksten. I denne fasen er det viktig å synleggjerer faglitteratur i teksten
  • Rettleiingsparet hjelper og stør kvarandre vidare etter behov
  • Den enkelte deltakar får ei siste tilbakemelding frå rettleiar, dersom han ber om det, før utviklingsteksten blir ferdigstilt


5. På den sjette samlinga presenterer deltakarane prosjektet sitt munnleg

 

3.2. Tekst 2 Fordjupingstekst


Deltakarane blir utfordra til å arbeide grundig med pensumlitteratur for å auke den faglege innsikta i sentral og nyare litteratur innanfor leiing.

3.2.1 Tema og problemstilling


Deltakarane skal velje èi av problemstillingane nedanfor:


1. Gjer greie for nokre sentrale kjenneteikn ved eit godt samarbeidsklima og drøft korleis du som leiar kan vidareutvikle eit godt samarbeidsklima ved skulen din
2. Gjer greie for ulike typar konfliktar i arbeidslivet og drøft korleis skuleleleiar kan handtere desse
3. Gjer greie for nokre sentrale forventningar til skuleleiarrolla og drøft korleis du som skuleleiar kan handtere desse
4. Gjer greie for korleis skulen er en del av et nasjonalt styringssystem og drøft kva handlingsrom skuleleiar har innanfor dette systemet
5. Gjer greie for nokre internasjonale trekk ved skuleutviklinga og drøft korleis desse trendane kjem til uttrykk i kommunen og skulen din.

 
3.2.1 Krav til innhald og form:

  • Teksten skal ha ein tydeleg struktur med ei kort innleiing, ein hovuddel og ei avslutning med oppsummering eller konklusjon på problemstillinga   
  • Relevant teori/ faglitteratur skal presenterast   
  • Problemstillinga skal drøftast i lys av teori
  • Teksten skal ha ei akademisk form, og litteraturlista, bruk av sitat og tilvisingar skal følgje vanleg akademisk standard
  • Omfang: 3000 ord, Calibri, 11 pkt., 1,5 linjeavstand


3.2.2 Arbeid med fordjupingsteksten

Etter tredje samlinga startar arbeidet med fordjupingsteksten.

  • Ei veke før samling fire legg deltakarane inn i Fronter ein disposisjon og eit førsteutkast
  • Alle i rettleiingsgruppa les alle utkasta og responderer munnleg til kvarandre på den fjerde samlinga
  • Tre veker før samling fem legg deltakarane ein ny versjon i Fronter
  • Alle i rettleiingsgruppa les alle tekstane, men berre rettleiingspara responderer skriftleg til kvarandre
  • Ei veke før samling fem gir rettleiar skriftleg respons på Fronter
  • Den enkelte deltakar får ei siste tilbakemelding frå rettleiar, dersom ein ber om det, før fordjupingsteksten blir ferdigstilt

Revidert, Sogndal, 26. september 2012

Hedvig Abrahamsen og Ingrid Syse

Høgskolen i BergenHøgskulen i Sogn og FjordaneHøgskolen Stord/HaugesundHøgskolen i VoldaUniversitetet i Bergen