«TPS i Vest» tek form

Det nærmar seg oppstart av den nettbaserte piloten for tverrprofesjonell samarbeidslæring i heile 25 helse- og sosialarbeidarutdanningar i UH-nett Vest.

Sist veke hadde TPS-prosjektgruppa ei to-dagars samling på Flesland for å førebu utprøving av piloten. Prosjektgruppa har kome langt i arbeidet-

– Opplegget vil bestå av to nettmøter på ca. 1 time kvar, i veke 42 og 45, kombinert med føre- og etterarbeid, seier prosjektleiar Gerd Bjørke. – Det blir sett saman grupper med 6-8 studentar, på tvers av alle dei 25 utdanningseiningane som blir involverte. – I piloten blir det med to studentar frå kvar av utdanningseiningane innan barnevernspedagog-, bioingeniør-, ergoterapeut-, ernærings-, farmasi-, fysioterapeut-, odontolog-, psykolog-, medisin-, musikkterapi-, radiograf-, sjukepleier-, sosionom-, tannpleie- og vernepleiarutdanning.

Prosjektgruppa vil gå inn som gruppeleiarar, eller «fasilitatorar» i gruppearbeidet. – Gruppa skal analysere og drøfte eit «case», som vil bli framstilt i ein videosnutt, og lagt ut på den felles nettsida. Gruppene vil bruke Adobe Connect som verktøy for nettmøta. Dersom Office 365 no blir tatt i bruk av alle institusjonane, vil kvar gruppe få sitt grupperom for utveksling av materiale og innlevering av eit sluttnotat.

Bjørke fortel at prosjektgruppa no arbeider med nettsida, som er planlagt å opnast opp for studentar ca. 1. oktober. – Her blir det lagt ut informasjon om opplegget, læringsressursar i form av korte intervju med ressurspersonar, og kjelde- og læremateriale om tverrprofesjonell samhandling. Piloten vil starte opp med ei streama førelesing med Sissel Johansson Brenna frå Høgskolen i Bergen den 17. oktober. Når gruppene er på plass vil gruppeleiarane avtale tidspunkt for første nettmøtet med kvar si gruppe, i løpet av veke 42.

Som førebuing til nettrettleiinga har prosjektgruppa sett opp ein tett plan med Adobe-møter for planlegging av gjennomføring og tilbakemeldings- og evalueringsopplegg.

TPS
Prosjektgruppa i godt driv: Gerd Bjørke (HSH), Sissel Johansson Brenna (HiB), Irene Aasen Andersen (HiSF), Bente Hasle (HVO), Unni Margrethe Uren Aasen (HiSF), Ingunn Aase (UiS), Anders Bærheim (UiB) og Rutt Bengtsson (UiS).