Drar inn og deler internasjonale kapasitetar

Forskingsgruppa for pedagogikk, fagdidaktikk og leiing hare eit høgt turtall på aktiviteten sin. Denne uka med eit seminar om Mixed Method-forsking med ein av dei mest profilerte metodikarar på feltet Burk Johnson frå University of South Alabama.

Under seminaret var følgjande tema satt i fokus:

  • Mixed methods, introduction and theoretical foundation
  • How to Design a Mixed Methods Research Study?
  • How to succeed with Mixed Methods, -important preconditions and common pitfalls.

– Det var i alt 25 forskarar frå heile nettverket som fann vegen til Universitetet i Bergen denne dagen.

– Mitt klare intrykk er at deltakarane opplevde seminaret som svært vellukka, der professor Johnson på ein fin måte klargjorde kva Mixed Method forsking er, og ikkje er, og kva type forsking som eignar seg for denne metodiske tilnærminga, oppsummerer leiar av forskingsgruppa, Knut Steinar Engelsen.

Burk Johnson frå University of South Alabama er ein av dei mest profilerte metodikarar på feltet Mixed Method-forsking.
Burk Johnson frå University of South Alabama er ein av dei mest profilerte metodikarar på feltet Mixed Method-forsking.