Forskingsprosjektet «Systematisk observasjon i pedagogisk forsking» aukar krafta og moglegheitene gjennom å samarbeide meir på tvers.
Professor Siv M. Gamlem frå Høgskulen i Volda er leiar for prosjektet som i fjor fekk kroner 100 000 i forskingsmidlar frå UH-nett Vest.
Ho fortel at prosjektet har fått gjort ein god del.
– Det er fleire fagmiljø ved dei ulike institusjonane i UH-nett Vest som nyttar systematisk observasjon i klasserommet.
– Fleire av desse miljøa har leia store forskingsprosjekt med støtte frå Forskingsrådet. Til dømes RespMath (HVL), DigiHand (HVO), CIESL og Two Teachers (UiS).
– Gjennom prosjektet vårt bind vi oss saman til eit felles nettverk for utvikling av kompetanse og framtidig samarbeid.
Utviklar søknader
Gamlem fortel at prosjektet starta hausten 2017 med den første samlinga, og gjennom 2018 har prosjektet tatt nye steg og blitt utvida.
– Vi hadde ein stor og vellukka workshop om systematisk observasjon i utdanningsforsking i september i fjor. Det var med 40 deltakarar frå Høgskulen i Volda, Universitetet i Stavanger, Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Oslo, Universitetet i Helsinki og Universitetet i Jyväskylä.
– Ei målsetting er å utvikle felles prosjektsøknader og legge strategiar for internasjonal nettverksbygging med tanke på nordiske og europeiske søknader.
Og det er ein på god veg til å realisere.
– På samlinga i fjor haust hadde vi invitert inn to dyktige keynote; Professor Kirsti Klette (UiO) og Professor Marja-Kristiina Lerkannen (Universitetet i Jyväskylä/UiS).
– Dei delte raust av sine erfaringar og kunnskap.
– I tillegg vart det av deltakarane gjennomført 20 presentasjonar av forskingsarbeid relatert til systematisk observasjon med påfølgande diskusjonar og innspel i etterkant.
– Nokre av deltakarane på denne workshopen har no fått ferdig vitskaplege artiklar som er sendt til internasjonale tidsskrift.
Fleire samlingar
Gamlem fortel at workshopen også ga fleire gevinstar.
– Nokre av oss i leiargruppa søkte om å få arrangere to symposium på ICSEI (International Congress for School Effectiveness and Improvement) som vert arrangert i Stavanger i løpet av januar 2019.
– Og no stiller vi med åtte forskingsbidrag fordelt på to symposium; «The observed quality of teacher-student interaction” og “The effect of classroom interaction on student outcomes”.
Når det gjeld framtidige møteplassar i prosjektet vert det i 2019 på nytt arrangert workshop i Stavanger.
Og ikkje nok med det. Prosjektet har fleire planar framover i tid.
– Vi jobbar for at forskarar frå UH-nett Vest institusjonane skal bli invitert til workshops og få utvikle kompetanse på bruk av systematisk observasjon gjennom både innsamlingsmetode, analyse og formidling.
– Går alt som planlagt vil det i tillegg til samlinga i Stavanger 2019 også bli arrangert workshopsamlingar i Jyväskylä i 2020 og på nytt ved Høgskulen i Volda i 2021.