Språksamlingane– nasjonalt arbeidsseminar 14. april

Etter vedtak i statsbudsjettet er ansvaret for dei store språksamlingane ved Universitetet i Oslo flytta over til Universitetet i Bergen frå 2016. Mellom anna skal drifta av Bokmålsordboka og Nynorskordboka òg overførast hit.

Som ein lekk i arbeidet med å finna ei tenleg driftsform der òg forskingsinstitusjonar og andre aktørar på nasjonalt plan kan medverka, arrangerer UH-nett Vest i samarbeid med Universitetet i Bergen, Høgskulen i Volda og Høgskulen i Sogn og Fjordane eit nasjonalt arbeidsseminar i Bergen14. april 2016. Her ønskjer ein å trekkja den nasjonale fagkompetansen inn i arbeidet så tidleg og så effektivt som mogeleg».