Saman om lærarutdanning

Med ei lærarutdanning på masternivå vil det bli auka krav på fleire felt, ikkje minst når det gjeld høg nok kompetanse i fagstaben for å kunne tilby eit breitt fagtilbod.

Arbeidsgruppa for lærarutdanninga i UH-nett Vest vedtok i sitt møte i juni å ta eit aktivt grep om framtidas lærarutdanning.

Ser på auka samordning for lærarutdanning på Vestlandet: Svenning Bjørke (NLA), Arne Myklebust (HiVolda), Rasmus Stokke (HiSF), Lene Bakke (koordinator) , Hilde Steinmoen (HSH).Endre Brunstad (UiB) var ikkje tilstades.

 

Eit spor som gruppa no jobbar på er å skissere vegar mot meir felles lærarutdanningar på Vestlandet, kor dagens studiestader vert vidareført – men med ei tydelegare arbeidsdeling. Eit felles notat er i skriveprosess, og skal opp som eiga sak på styremøte i UH-nett Vest 2. september.