Nye, friske og tospråklege nettsider

Musikk har vore eit viktig samarbeidsfelt sidan starten på UH-nett Vest. No kjem arbeidsgruppa med nye og flotte nettsider.

Flotte nye nettsider!
Flotte nye nettsider!

– Me har ikkje hatt eit skikkeleg fellesforum på web det siste året. Men no har me teke grep og fått utarbeidd eit framlegg til nye websider for nettverket, seier leiar Magne Espeland.

Den nye nettstaden: http://musikknettvest.no er tospråkleg.

– Det har vore vesentleg at websidene er tospråklege. Det gjer at  me kan bruka dei til å marknadsføra oss ikkje berre regionalt og nasjonalt, men også internasjonalt.

– No er me synlege for verda som eit samla nettverk. Det synes eg er bra.

Websidene er i stor grad lenkebaserte.

– I samarbeid med webutviklar har me og prøvd å finna bilete og tekstar som viser at me ligg midt på Vestlandet, midt i fjordlandskapet, ikkje minst med tanke på kor kjent fjord-begrepet er internasjonalt.

Forskarskulen Grieg Research School in Interdisciplinary Music Studies har fått ein sentral plass på sidene.

– Elles er det lagt opp til at dei ulike institusjonane og kampusane kan leggja inn aktivitet under «Spotlight». Det skal vera, og er, svært enkelt å gjera det, meiner Magne Espeland.

Neste stopp for nettverket er Solstrand-konferansen 8.- 10. mars 2017.