Omstrukturere? Spisse? Fleire medlemmer inn? Instituttsektoren med? Større trykk på Vestlandet? UH-nett Vest har starta arbeidet med å stake ut ein ny kurs.
Med den nye Høgskulen på Vestlandet under oppsegling meiner stryret at tida er moden for å ta ein fot i bakken og rigga diskusjonen om kva nettverket skal utvikle seg i retning av – og korleis det skal organiserast.
Mykje godt arbeid har vore og blir gjort – og nokre prosjekt og arbeidsgrupper har lågare fart og svingande aktivitet.
Under styremøtet i Bergen 21. juni 2016 blei den først diskusjonen tatt.
Utgangspunktet er gjeldande samarbeidsavtale, minna koordinator Lars Helge Nilsen om innleiingsvis.
Styreleier Dag Rune Olsen (UiB) var tydeleg på at nettverket no går inn i ein ny fase med eit nytt institusjonslandskap, store og raske endringar i sektoren og auka konkurranse om midlar.
– Korleis skal me møta dette? Kva moglegheiter har me saman på Vestlandet? Kva kan me få til ilag som me ikkje maktar kvar for oss?
– Kva skal nettverket løyse framover? Kva bør me gjere meir av og kva bør me ikkje gjere lenger? fylgde han opp.
I diskusjonen kom det fram at alle medlemsinstitusjonane ønskjer å gå vidare med UH-nett Vest, og at ein gjennom hausten arbeider med å revidere strategien og samarbeidsavtalen.
Saka vil bli jobba vidare med og drøfta på ny i styremøtet 9. november