
På rundturen besøkte gruppa Københavns Universitet, Danmarks Tekniske Universitet og Sveriges Landbruksuniversitet.
Leiar av biblioteksamarbeidet i UH-nett Vest, Ane Landøy, fortel at det er mange like utfordringar å spore, men at løysingane er noko ulike frå det ein kjenner i frå eigne institusjonar.
– Hos det samfunnsvitskaplege fakultetsbibliotek hos Københavns Universitet fekk vi sjå «Digital Social Science Lab», eit eige rom med fleksibel møblering som biblioteket brukte til mellom anna å gje opplæring i ulike metodeverktøy.
– Vi fekk også omvisning på «Den sorte diamant», som både er Nasjonalbibliotek og universitetsbibliotek.

Ved Danmarks Tekniske Universitet er det stor merksemd på ulike arbeidsplassar.
– Dei har mellom anna medialab og VR-utstyr.

Når det gjeld Sveriges Landbruksuniversitet så fekk arbeidsgruppa sjå og høyra korleis dei tenkjer kring dei mange campus.
– Dei har bibliotekavdelingar i Umeå, Uppsala og Alnarp, og fortalde om korleis dei jobbar for å yte god forskarservice til feltstasjonar og forskarar over heile Sverige.
– Alt i alt blei dette ein veldig god studietur med god utbytte, oppsummerer Ane Landøy.