Godt språkseminar i Sogndal

Tekst og foto: Stipendiat Hege Myklebust (HSH)

At fleirspråklegheit kan gje kognitive og lingvistiske fordelar, er dokumentert i ei rad forskingsarbeid. Dei siste åra er det vorte undersøkt om dette òg kan gjelde personar som er toskriftspråklege med nynorsk og bokmål. Sist veke arrangerte Høgskulen i Sogn og Fjordane og Universitetet i Bergen gjennom UH-nett Vest sitt nettverk for nynorskforsking eit ope seminar for å diskutere metodar og funn i desse forskingsarbeida.

På seminaret var dei fremste forskarane i landet på to/fleirspråklegheit samla. Göran Söderlund (HiSF) og Øystein Vangsnes (UiT) har delteke i prosjektet Lærande regionar. Dei tok utgangspunkt i det som gjerne vert kalla ”Sogn og Fjordane-paradokset” nemleg at trass i at både inntekts- og utdanningsnivået i Sogn og Fjordane ligg under det nasjonale gjennomsnittet, ligg grunnskulane i fylket på topp i nasjonale prøver i matematikk, engelsk og norsk. Forskarane presenterte sine funn og resultat i innlegget ”Bidialektal skriftkunne, skuleresultat og kognitive effektar”.

Göran Söderlund (HiSF), Mila Vulchanova (NTNU) og Øystein Vangsnes (UiT).
Göran Söderlund (HiSF), Mila Vulchanova (NTNU) og Øystein Vangsnes (UiT).

I funna deira kom det fram at utdanningsnivået til foreldra framleis er den største og viktigaste faktoren når det gjeld kor godt elevane skårar på dei nasjonale prøvane, men bruk av nynorsk kunne forklara kring fem prosent av fordelen. Effekten slår først inn når det er meir enn 50 prosent nynorsk blant elevane. Frå salen vart det stilt spørsmål om ikkje dei kommunane som har meir enn 50 prosent nynorsk også kan ha andre faktorar til felles som kan forklara forspranget.

Nynorsk1
Lars Anders Kulbrandstad, Sieghard Beller, Andrea Bender og Tove Bull.

Ein annan av innleiarane, Mila Vulchanova (NTNU), har gjennomført eit prosjekt ho kallar ordprosesseringsprosjektet, som måler kor fort og kor korrekt me prosesserer ord. Ho sa at den norske språksituasjonen er heilt unik.

– Me har ei fleirspråklegheit på fleire nivå, ved at me har to skriftspråk som er såpass like, og i tillegg mange dialektar som er til dels svært ulike kvarandre.

I prosjektet ho har gjennomført, fann ho at til oftare deltakarane brukar nynorsk skriftleg, til raskare prosesserer dei orda, og i tillegg er svara meir korrekte. Skriving er ein av dei viktigaste komponentane når det gjeld språkferdigheiter. Dei same resultata kom altså ikkje hos dei som oppgav at dei berre les, og ikkje skriv nynorsk. Det å vera flink i engelsk gav heller ikkje den same støtta. Likeins viste testane at det å kunna både nynorsk og bokmål tilsvarar ei reell tospråklegheit på same nivå som når språka er meir ulike.

På dag to av seminaret fekk deltakarane nokre alternative forklaringsmodellar og perspektiv på fordelar og eventuelle ulemper med fleirspråklegheit frå psykologane Andrea Bender og Sieghard Beller frå UiB, lingvisten Lars Anders Kulbrandstad frå Høgskolen i Hedemark, og sosiolingvisten Tove Bull frå UiT. Det som i alle fall er sikkert er at her finst ingen klåre svar og eintydige forklaringar. Forskinga på fleirspråklegheit held fram, og fleire av forskarane la fram idear til nye prosjekt i løpet av seminaret.

At fleirspråklegheit kan gje kognitive og lingvistiske fordelar, er dokumentert i ei rad forskingsarbeid.
At fleirspråklegheit kan gje kognitive og lingvistiske fordelar, er dokumentert i ei rad forskingsarbeid.