Styret i UH-nett Vest støtter etableringa av ein ny forskarskule.
Målet med den nye forskarskulen er å etablere eit nettverk av institusjonar på Vestlandet som inngår i eit forpliktande samarbeid om forskarutdanning.
Universitetet i Bergen er vertsinstitusjon og professor Rune Johan Krumsvik er fagleg leiar.
Han fortel at forskarskulen tematisk vert orientert mot lærarutdanning, pedagogikk, spesialpedagogikk, universitets -og høgskulepedagogikk og utdanningsvitskap.
WNGER II er og tenkt å vere ein forskarskule kor ein kan samarbeide om doktorgradskurs, forskingsrettleiing på PhD-nivå, doktorgradsseminar, sommarskular (til dømes Bergen Summer Research School), forskargrupper, forskingssøknader, doktorgradsrettleiing på tvers av partnarinstitusjonane, m.m.
– På denne måten kan me tilby ei breiare forskarutdanning enn det kvar enkelt institusjon har høve til aleine.
Partnarinstitusjonane UiS, HVL, NLA, HVO og VID blir representert med eit medlem kvar i styret for forskarskulen. I tillegg vil styret for WNGER II ha med eit styremedlem frå UH Nett-Vest og ein stipendiatrepresentant.
I tillegg vil WNGER II ha eit fagpanel med representantar frå alle partnarinstitusjonane, UH Nett Vest og stipendiatrepresentant. Desse er tenkt å ha ein meir løpande kontakt om forskarskulens drift, innhald og samarbeidsmoglegheiter.
Forskarskulen startar opp i januar 2018 med doktorgradskurs. Den formelle opninga av forskarskulen er lagt til torsdag 20. august.