Går i djupna på digital undervising

Må vi vera fysisk saman for å læra? Kva bør vi gjera på nett og kva bør vi gjera når vi er saman? Dette var to av spørsmåla som arbeidsgruppa for Digitalt samarbeid dukka ned i på seminaret på Stord sist veke.

– Målet med samlinga var å sjå på ulike former og forhold knytt til digital undervising, seier førsteamanuensis Aslaug Grov Almås i HVL som leiar arbeidsgruppa i UH-nett Vest.

Under seminaret var ikkje alle deltakarane samla fysisk. Verktøyet «Zoom» blei derfor testa ut.

– Zoom kjem til å bli eit viktig verktøy i UH-sektoren framover og vi ville utfordra oss sjølv på korleis det kunne fungera å sitja saman i Zoom over to dagar, seier Grov Almås.

Ho fortel at spesialist i e-læring, Alastair Creelman, ved Linné universitetet i Sverige delte sine erfaringar.

– Dei har to campus ved Linné universitetet, i Kalmar og Växjö. Dei har til saman 32 000 studentar og  2100 tilsette.

– Ved Linné universitetet ser dei at ein stor del av nettstudentane tek nettstudiar samstundes med at dei er fulltidsstudentar på campus. Dette fører til stor arbeidsbelastning for mange, med fråfall og dårleg gjennomstrømming.

Creelman fortalte at til tross for omfattande studietilbod på nett er det lite integrasjon mellom det som skjer på campus – og det som skjer på nett ved universitetet kor han jobbar .

– Ved Linné universitetet blir dette nærmast to verdenar, der mange lærarar ikkje utviklar erfaring med å undervise på begge måtar.

Under seminaret fekk arbeidsgruppa og diskutert kven framtidas student er – og kva det inneber av moglegheiter og utfordringar.

– Gruppa av vaksne studentar som ikkje møter fast på campus er den studentgruppa som veks raskast, samstundes som dei yngre årskulla blir stadig mindre.

– Det er i marknaden for livslang læring dei fleste potensielle studentane faktisk fins, men det er ikkje mange universitet eller høgskular som rettar seg spesielt godt mot desse studentgruppene når ein ser på marknadsføringa i sektoren.

– Creelman reiser såleis spørsmål om vi har trong for ein ny type høgskule som berre tek føre seg studentar som vil studere på nett.

Arbeidsgruppa hadde gode diskusjonar om korleis læringsmiljø på nett kan utviklast. Korleis ser vi føre oss at dette skal bli framover? Korleis ivareta sosiale funksjonar? Representantane i arbeidsgruppa ønskjer meir diskusjon ved sine eigne høgskular og universitet, om korleis design av nye læringsmiljø bør skje. Slik kan ein betre møte dei som føler på ein uro for kva som kan koma i framtida.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Frametter vil arbeidsgruppa initiere nye møteplassar på nett med ulike tema knytt til fleksibel undervisning.
Samarbeidsverktøyet Zoom vart flittig brukt på seminaret på Stord 6.-7. februar.