Bibliotekgruppa i godt driv

I starten på januar var gruppa samla i Bergen og gruppa kom vidare på fleire felt. Ein fekk diskutert aktuelle avtaler med utanlandske forlag og felles utfordringar med innføringa av det nye biblioteksystemet «Alma». Kopinoravtalen og «Bolk» var også på programmet.

Bibliotekgruppa har og delteke i ei stor multinasjonal undersøking som har tatt føre seg studentane sine preferansar kring trykt eller elektronisk studielitteratur. Det arbeidet blir  no tatt vidare.

Bibliotekgruppa - frå venstre: Astrid Sandnes (HiSF), Henriette Hafsås Tsakos (HiVolda)), Kristin Dragvik (UiS), Trude Færevaag (HiB), Marianne Nesbjørg Tvedt, (HSH), og Ane Landøy (UiB).Studentrepresentant Frida Isungset var ikkje tilstades då biletet blei tatt. Foto: Walter Wehus/UiB.
Bibliotekgruppa – frå venstre: Astrid Sandnes (HiSF), Henriette Hafsås Tsakos (HiVolda)), Kristin Dragvik (UiS), Trude Færevaag (HiB), Marianne Nesbjørg Tvedt, (HSH), og Ane Landøy (UiB).Studentrepresentant Frida Isungset var ikkje tilstades då biletet blei tatt. Foto: Walter Wehus/UiB.