Sterkare utdanningskvalitet gjennom samarbeid

Fleire av fagmiljøa innan dei praktiske-estetiske faga samlar seg no i eit nytt prosjekt kor målet er å betre utdanningskvaliteten i desse faga, og då med eit særskilt blikk på mastergradsnivå.

– Me må i større grad dela kompetanse og erfaringar, og me må sjå på korleis me gjennom nye samarbeidsformer kan bygga, utvikla og spreie fagkunnskap i fellesskap, seier Åsmund Espeland i HVL.

Han står i spissen for det nye prosjektet «Utdanningskvalitet på tvers» som i sommar fekk inntil kroner 350 000 i støtte av styret i UH-nett Vest. Prosjektet går over tre år og samlar fagpersonar frå HVL, HVO, UIS, UiA og NLA.  Utgangspunktet for prosjektet er masterprogram innan dei praktiske-estetiske faga i nettverket.

– I arbeidet prøver me å gripa fatt i det som Stortingsmeldinga «Kultur for kvalitet i høyere utdanning»  poengterte, om at fleire utdanningsinstitusjonar bør gå i lag og samarbeide aktivt om å utvikle utdanningskvaliteten innan ulike fagområde.

Åsmund Espeland arbeider som høgskulelektor ved institutt for kunstfag i HVL.

 

Share on Facebook0Share on Google+0Share on LinkedIn0Tweet about this on Twitter