Inspirerande studietur

LÆRERIK STUDIETUR: Linn Elise Gulliksen (UIS), Trude Færevaag (UiB), Turid Bogetvedt Hitland (HVL), Kristin Dragvik (UIS), student Joachim Børlie (bak), Jesper Mørch (UIA), Astrid Sandnes (HVL) (bak), Marianne Nesbjørg Tvedt (HVL), Hilde Trygstad (VID), Ane Landøy, UiB, Kirsti Langstøyl (HiVolda), Ragnhild Vingsand (HVL), Therese Jelmert, (NLA), Marte Strand (UIA).Arbeidsgruppa for biblioteksamarbeid var i slutten av oktober på tur til København og Alnarp.

På rundturen besøkte gruppa Københavns Universitet, Danmarks Tekniske Universitet og Sveriges Landbruksuniversitet.

Leiar av biblioteksamarbeidet i UH-nett Vest, Ane Landøy, fortel at det er mange like utfordringar å spore, men at løysingane er noko ulike frå det ein kjenner i frå eigne institusjonar.

– Hos det samfunnsvitskaplege fakultetsbibliotek hos Københavns Universitet fekk vi sjå «Digital Social Science Lab», eit eige rom med fleksibel møblering som biblioteket brukte til mellom anna å gje opplæring i ulike metodeverktøy.

– Vi fekk også omvisning på «Den sorte diamant», som både er Nasjonalbibliotek og universitetsbibliotek.

Den sorte Diamant.

Ved Danmarks Tekniske Universitet er det stor merksemd på ulike arbeidsplassar.

– Dei har mellom anna medialab og VR-utstyr.

Ulrik Mads Hansen frå Københavns Universitetsbibliotek, presenterte Digital Social Science Lab.

Når det gjeld Sveriges Landbruksuniversitet så fekk arbeidsgruppa sjå og høyra korleis dei tenkjer kring dei mange campus.

– Dei har bibliotekavdelingar i Umeå, Uppsala og Alnarp, og fortalde om korleis dei jobbar for å yte god forskarservice til feltstasjonar og forskarar over heile Sverige.

– Alt i alt blei dette ein veldig god studietur med god utbytte, oppsummerer Ane Landøy.

Share on Facebook0Share on Google+0Share on LinkedIn0Tweet about this on Twitter