Spikra studentkonferansen

Konferansen blir 8. februar i Bergen, og tema blir i retning av: «Samanheng mellom studie – arbeidsliv – praksis», fortel studentrådskoordinator Anders Veggeland.
– Tidsplan og forslag til innleiarar er på plass. No står det igjen å få desse bekrefta så skal ting falle meir på plass, seier han.

Vertskap for samlinga i Sogndal var parlamentsleiar Ingrid Moe Albrigtsen ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Ho let vel over samarbeidet.

– Eg finn verdi i nettverket gjennom nære relasjonar til dei andre leiarane, og det gir mykje god læring.

– I løpet av året er det eigenteig inga andre samlingar eg sett sånn pris på som UH-nett Vest, nettopp fordi vi lærar av kvarandre. Dessutan er vi ei veldig heterogen gruppe, gammalt universitet, nytt universitet, store og mindre høgskular. Det gir ei unik samansetning, og eit mangfald av moglegheiter, særleg fagleg sett.

– Studentkonferansen er og ei unik moglegheit for oss til å utveksle kunnskap, og den er i stor grad ein rekrutteringsarena kor vi  ser at vi er ein del av noko større. Saman skal vi vere sterke.

studenter_oppstilt
Studentrådet i UH-nett Vest har møta sine rundt omkring på dei ulike kampusa på Vestlandet. Her ser me: Johanne Vaagland (UiB), Fredrik Bødtker (HiB), Ingrid Moe Albrigtsen (HiSF), Trond Ødegaard (HSH), Anine Klepp (UiS). Foto: Anders Veggeland.