Nettverk for nynorskforsking

Nettverk for nynorskforsking har som mål å fremje nynorskforsking gjennom ulike former for nettverksamarbeid mellom dei ulike institusjonane i UH-nett Vest.

Nettverket vart starta 5. juni 2013. Det er skipa eit arbeidsutval med representantar frå Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet og Høgskulen i Volda.

Nettverket skal ha ein open profil, og vil ha rom for alle forskarar i samarbeidsinstitusjonane som har interesse for å delta i samarbeidstiltak som gjeld nynorskforsking.

Nettverket er i 2019 leia av:

Det er laga eit mandat og ein tiltaksplan for nettverket. Meir informasjon får ein ved å kontakte leiargruppa.

MANDAT

Nettverk for nynorskforsking har som hovudmål å fremje nynorskforsking gjennom nettverksamarbeid mellom dei ulike institusjonane i UH-nett Vest.

Nettverket er organisert gjennom eit arbeidsutval og ei større forskingsgruppe.

Arbeidsutvalet er samansett av ein representant frå kvar av institusjonane, i tillegg til ein studentrepresentant. HVL får éin representant frå kvar nærregion, men berre éi røyst. Arbeidsutvalet har ansvar for planlegging og gjennomføring av hovudaktivitetane i nettverket, og skal dessutan utforme budsjett og ha kontakt med UH-nett Vest sentralt.

Kvar representant i arbeidsutvalet har ansvar for å vere bindeledd mellom forskingsnettverket og sine respektive institusjonar. Arbeidsutvalet fungerer som råd for forskargrupper i nynorsk ved medlemsinstitusjonane.

Arbeidsutvalet vel ein leiar for to år.

Forskingsgruppa skal romme alle forskarar i samarbeidsinstitusjonane som har arbeidsfelt og interessefelt knytt til nynorskforsking og utviklingsarbeid, og som vil delta aktivt i aktuelle prosjekt eller samarbeidstiltak.

Nettverket skal ha ein inviterande profil, vere open for kontakt med nærskylde tiltak, og ha eit særleg auge for tverrfaglege tilnærmingsmåtar.

AKTIVITET

Med grunnlag i mandatet sitt arbeider Nettverk for nynorskforsking i arbeidsperioden 2017–2019 særleg med desse sakene:

  • Vidareutvikling og utviding av prosjektet «Vilkår for nynorsk blant ungdom».
  • Symposium om språkplanlegging i Sogndal i oktober 2018. Symposiet er no gjennomført etter planen. Tolv innleiarar frå europeiske og norske institusjonar var samla til diskusjonar om «The role of language planning and policy in Norwegian education» 18. og 19. oktober. Det var innlegg frå fagfolk frå mellom anna HVL-Sogndal, HVL-Stord, HVL-Bergen, Høgskulen i Volda og Universitetet i Bergen.

Nettverket vil leggje vekt på bruksperspektiv/praksisperspektiv i tilnærminga til nynorskforsking. Det er i den samanhengen særleg interessant å ta føre seg unge nynorskbrukarar. Med det som utgangspunkt vil nettverket prioritere forsking som dreier seg om nynorskdidaktikk, norsk som andrespråk med opplæring i nynorsk, språkval/språkveksling/språkskifte, tekstar, formbruk og retorikk.

Prosjektutvikling og prosjektdeltaking 

Nettverket vil stø opp om prosjektutvikling. Nettverket er vidare interessert i å delta i aktuelle forskingsprosjekt som er initierte av forskingsmiljø i institusjonane. Nynorsksenteret har empiri frå utviklingsprosjekt, og er interessert i at det vert nytta til forsking. Ei liste over slike prosjekt er formidla til nettverket.

Møte og seminar

Nettverket vil leggje til rette for at det vert arrangert seminar/samlingar knytte til prosjekta.

Arbeidsutvalet har møte etter behov.

PUBLIKASJONAR

Så langt har samarbeid gjennom nettverket ført til utgjeving av tre antologiar:

I 2015 kom antologien Nye røyster i nynorskforskinga. Det finst mange mytar om nynorsken i dagens offentlege debatt, samstundes som det er publisert lite forsking som underbyggjer eller avsannar desse. Det prøver denne antologien å bøte på med å gje plass til ny forsking på feltet. Artikkelforfattarane tek kvar på sitt vis opp tema som har mykje å seie for nynorskbrukaren: språkleg identitet, opplæring og språkpolitikk, språkplanlegging og normering internt og samanlikna med andre språksamfunn. Tekstane bidreg til å skape betre forståing for kva stilling nynorsk har i Noreg, og kvifor.

I desember 2017 kom fagboka Eli Bjørhusdal og Ingvil Brügger Budal (red.): Nynorsk med dei minsteut på Det Norske Samlaget, støtta med midlar frå UH-nett Vest. Boka er den første større publikasjonen som tek føre seg arbeid med nynorsk språkstimulering med dei minste. Her er vitskaplege artiklar om grunnar for å drive systematisk språkstimulering på nynorsk, om korleis språk og nynorsk blir omtala i årsplanane til barnehagane, om barneskriftkultur, om dialektar og stadnamn som pedagogisk ressurs, om litteratur og kvalitet, og sjølvsagt om lesing og skriving på nynorsk i barnehagen. I boka finst ei rad framlegg til didaktiske opplegg i spennet frå nynorske songar til nynorske appar, og dessutan kunstnariske bidrag frå kjende barnebokforfattarar. Målgruppa er studentar, faglærarar og forskarar i høgare utdanning, tilsette i barnehagar og skular og alle som arbeider med nynorsk språkstimulering i praksis og administrativt.

I desember 2018 kom antologien Å skrive nynorsk og bokmål. Nye tverrfaglege perspektiv, redigert av Eli Bjørhusdal, Edit Bugge, Jan Olav Fretland og Ann-Kristin Helland Gujord, publisert på Samlaget. Utgangspunktet var ein konferanse i Sogndal vinteren 2016 om metodiske inngangar til forsking på kognitive effektar av tospråklegheit. Det sentrale spørsmålet for bokprosjektet er dermed om det at det er to norske skriftspråk i Noreg, nynorsk og bokmål, kan kallast ein fleirspråksituasjon, og vidare: Vil det å meistra båe skriftmål gje fleirspråkfordelar? Eller er andre sider ved den norske toskriftspråksituasjonen vel så verdifulle? Antologien er sett saman av ti vitskaplege artiklar som diskuterer ulike sider ved den norske språksituasjonen i eit vidare fleirspråkperspektiv. Eit særleg føremål er å undersøkja om det å skriva både nynorsk og bokmål gjev kognitive effektar eller andre fordelar, om korleis ein i så fall kan finna det ut, og om det i det heile teke er viktig å finna det ut. Eit meir generelt føremål er å undersøkja på kva vis ny, tverrfagleg forsking på den norske språksituasjonen kan knytast til internasjonal forsking på bruken av fleire språk og til diskusjonen om språkleg mangfald. Boka rettar seg mot alle som er interesserte i språk og samfunn og samanhengen mellom dei to. Ho kan vera særleg relevant for studentar og forskarar innanfor norsk og nordisk, lingvistikk, pedagogikk, psykologi, sosiologi og historie.

 

 

 

a