Nettverket for nynorskforsking er i godt driv. Det kom tydeleg fram under haustseminaret i Bergen sist veke.
Direktør i Språkrådet og tidlegare direktør for Norsk Ordbok, Åse Wetås, er ei av dei som kjenner Språksamlingane best. Ho kalla samlingane ein «digital skatt» med stort potensial i undervisning.
– Med støtte frå UH-nett Vest har me det siste halve året arrangert to seminar i tilknyting til at Språksamlingane ved Universitetet i Oslo no er flytta til Bergen, fortel professor Johan Myking ved Universitetet i Bergen.
Han seier at det er UiB i samarbeid med Høgskulen i Volda som har teke på seg å forvalta desse samlingane og syta for fagleg utviklingsarbeid.
– På seminaret vårt i april i år kom det deltakarar frå heile landet og markerte stor interesse for dette arbeidet, sjølv om flyttinga på det tidspunktet ikkje var gjennomført.
– Og på seminaret sist veke blei aprilseminaret følgt direkte opp. No som eit samarbeid mellom tre nettverk i UH-nett Vest: lærarutdanning, bibliotekfag og nynorskforsking.
Deltakarane kom frå UiB, HVO, HVL og NLA.
Under seminaret viste Åse Wetås døme frå disiplinar som talemål, stadnamn og ordtilfang og gav mange spennande idear til masteroppgåver. Professor i norsk ved Høgskolen i Bergen, Agnete Nesse, tømde på hi sida litt kaldt vatn i blodet då ho gjennomgjekk og drøfta handlingsrommet for faglege tilnærmingar i den nye masterutdanninga.
– Lærarutdanninga ved høgskulane er i mykje større grad fagdidaktisk retta enn det universiteta har rom for, og oppgåvene er mindre – 30 eller 45 studiepoeng i staden for 60.
Fungerande dagleg leiar for Språksamlingane, Rune Kyrkjebø, presenterte materialet med rikhaldige døme og opna for at alle interesserte kan få omvising i samlingane. I fleire tematisk avgrensa innlegg vart det vist i større detalj korleis stadnamn, talemål/språkendring og ordtilfang kan utnyttast didaktisk.
Myking fortel at fagmiljøet bak seminaret har planar om å følgja opp meir konkret gjennom fleire møte.
– Ein kan slå fast at Språksamlingane vekkjer stor interesse og stort engasjement i universitets- og høgskulemiljøa på Vestlandet, sjølv om flytteprosessen og forvaltingsordninga framleis ikkje er fullt avklåra.
– Som Agnete Nesse oppsummerte det i sluttdiskusjonen: Samlingane har i alle fall samla alle dei norskfaglege miljøa på Vestlandet til diskusjon av spørsmål som har felles interesse. Dette hender ikkje ofte, og det er ikkje lite, berre det.