Nynorsk

Nettverk for nynorskforsking

Nettverk for nynorskforsking har som mål å fremje nynorskforsking gjennom ulike former for nettverksamarbeid mellom dei ulike institusjonane i UH-nett Vest.

Nettverket vart offisielt starta 5. juni 2013, og er såleis det ferskaste av dei sentrale forskingsnettverka i UH-nett Vest. Det er skipa eit arbeidsutval med representantar frå Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet og Høgskulen i Volda.

Nettverket skal ha ein open profil, og vil ha rom for alle forskarar i samarbeidsinstitusjonane som har interesse for å delta i samarbeidstiltak som gjeld nynorskforsking. Nærskylde tiltak som Nynorsksenteret og Nynorsk kultursentrum er med i samarbeidet som observatørar. Nettverket har òg einskildmedlemer frå andre institusjonar.

Nettverket er i 2017 leia av:

I arbeidsutvalet er desse med:

  • Eli Bjørhusdal, Høgskulen på Vestlandet, e-post: eli.bjorhusdal@hvl.no
  • Stig J. Helset, Høgskulen i Volda, e-post: helsets@hivolda.no
  • Jorunn Aske, Høgskulen på Vestlandet, e-post: jorunn.aske@hvl.no
  • Hege Myklebust, Høgskulen på Vestlandet, e-post: hege.myklebust@hvl.no

Det er laga eit mandat og ein tiltaksplan for nettverket. Meir informasjon får ein ved å kontakte leiargruppa.

MANDAT

Nettverk for nynorskforsking har som hovudmål å fremje nynorskforsking gjennom nettverksamarbeid mellom dei ulike institusjonane i UH-nett Vest.

Nettverket er organisert gjennom eit arbeidsutval og ei større forskingsgruppe.

Arbeidsutvalet er samansett av ein representant frå kvar av institusjonane. Arbeidsutvalet har ansvar for planlegging og gjennomføring av hovudaktivitetane i nettverket, og skal dessutan utforme budsjett og ha kontakt med UH-nett Vest sentralt. Kvar representant i arbeidsutvalet har ansvar for å vere bindeledd mellom forskingsnettverket og sine respektive institusjonar. Arbeidsutvalet vel ein leiar for to år.

Forskingsgruppa skal romme alle forskarar i samarbeidsinstitusjonane som har arbeidsfelt og interessefelt knytt til nynorskforsking og utviklingsarbeid, og som vil delta aktivt i aktuelle prosjekt eller samarbeidstiltak.

Nettverket skal ha ein inviterande profil, vere open for kontakt med nærskylde tiltak, og ha eit særleg auge for tverrfaglege tilnærmingsmåtar.

TILTAKSPLAN

Med grunnlag i mandatet sitt arbeider Nettverk for nynorskforsking i arbeidsperioden 2014–2015 etter denne tiltaksplanen, som vart vedteken i juni 2014:

Tiltaksplan for 2014–2015 

Med grunnlag i mandatet sitt vil Nettverk for nynorskforsking i arbeidsperioden 2014–2014 arbeide etter ein tiltaksplan.

A. Prioriteringar

Nettverket vil leggje vekt på bruksperspektiv/praksisperspektiv i tilnærminga til nynorskforsking. Det er i den samanhengen særleg interessant å ta føre seg unge nynorskbrukarar. Med det som utgangspunkt vil nettverket prioritere forsking som dreier seg om nynorskdidaktikk, norsk som andrespråk med opplæring i nynorsk, språkval/språkveksling/språkskifte, tekstar, formbruk og retorikk.

B. Konkret forsking

B1. Empiriske samarbeidsprosjekt

Det er ei tydeleg mål å få til eitt eller fleire empirisk orienterte forskingsprosjekt som kan presenterast alt på Solstrand-samlinga i 2015. Forskingsprosjekta skal vere i tråd med det overordna føremålet med forskingsnettverket. Det vert lyst ut midlar for dei aktuelle fagmiljøa. Ansvarleg kontaktperson: nettverksleiaren.
B2. Antologi

Arbeidet med den faglege antologien “Nye røyster i nynorskforsking” vert ført vidare. Nettverket bidreg med opp til 50 000 kr. i publiseringsstøtte, og vil i tillegg gi støtte til skriveseminar i Loen hausten 2014, innanfor ansvarlege budsjettrammer. Ansvarlege kontaktpersonar: Hjalmar Eiksund og Jan Olav Fretland.

C. Prosjektutvikling og prosjektdeltaking 

Nettverket vil stø opp om prosjektutvikling. Nettverket er vidare interessert i å delta i aktuelle forskingsprosjekt som er initierte av forskingsmiljø i institusjonane. Nynorsksenteret har empiri frå utviklingsprosjekt, og er interessert i at det vert nytta til forsking. Ei liste over slike prosjekt er formidla til nettverket.

D. Møte og seminar

D1. Seminar og samlingar

Nettverket vil leggje til rette for at det vert arrangert seminar/samlingar knytte til prosjekta.

D2. Solstrand-seminaret

Samlinga i mars 2015 skal vere ope for forskingsgruppa. På seminaret skal ein ta føre seg spørsmål om forskingsprogram, presentere resultat frå forsking, og leggje fram planar om større forskingsprosjekt. Ansvarleg kontaktperson: nettverksleiaren.

D3. Arbeidsutvalet

Utvalet har møte etter behov.

E. Digitalt forum 

Det digitale forumet er etablert, og skal gi høve til å utveksle idear og formidle relevant informasjon. Koordineringsansvar: Hjalmar Eiksund.
Antologien som er omtala under B2, er planlagd publisert sommaren 2015. Oppfølginga av prosjektet “Rom for språk har resultert i ein antologi med same tittel, publisert på Novus forlag våren 2015. På eit møte ved  Høgskulen i Volda i januar 2015 vart dei fleste andre av momenta ovanfor drøfta, og nettverket vart presentert på Bergenskonferansen i april 2015.

På grunnlag av drøftingar i desse samanhengane har nettverksmedlemer no desse aktivitetane under arbeid:

  • Nettverksmøte i Bergen i oktober, i tilknyting til jubileumskonferansen til Nynorsksenteret.
  • Dugnadsgruppe på konferansen MONS 16 i Kristiansand i November.
  • Forskingsseminar i Sogndal vinteren/våren 2016, om metodeproblem i nynorskforskinga.
Share on Facebook0Share on Google+0Share on LinkedIn0Tweet about this on Twitter