Den verdskjende professoren Anna Sfard gjesta nettverket for pedagogikk, fagdidaktikk og læring i fjor. Det blei ein suksess. Denne veka var ho tilbake med temaet: Det komplekse forholdet mellom samtale og læring.
Korleis er det me snakkar om matematiske problemområde som lærarar og forskarar – og kva betyr dette for læring og korleis me bidrar til å forme elevane våre?
Det var problemstillinga nettverket for pedagogikk, fagdidaktikk hadde bedt professor Anna Sfard snakka om i seminaret sitt denne veka.
Det ble eit godt seminar.
– Sfard trakk deltakarane inn i innsiktsfulle samtalar om læring og undervisning, seier professor Knut Steinar Engelsen i HSH.
Han fortel at Anna Sfard er professor ved Universitetet i Haifa.
– Arbeidsområdet hennar er heile verda. No har ho også sagt ja til å bli professor II ved Høgskolen Stord/Haugesund og den nye Høgskulen på Vestlandet.
Konteksten for Sfard si forsking er først og fremst matematikk og matematikk-didaktikk, men med høg relevans for alle fag og utdanningskategoriar.
– Sfard si tilnærming til samtalar om slike viktige og vanskelege spørsmål, med innsiktsfulle eksempel, skapte stort engasjement og inspirasjon blant dei 25 deltakarane i nettverket vårt.
Med-arrangør for samlinga i Bergen var RespMath-prosjektet, eit NFR-finansiert forskningsprosjekt om interaktiv undervisning i matematikk i ungdomsskulen. RespMath er eit samarbeid mellom Høgskulane Stord/Haugesund, Sogn og fjordane og Volda og Universitetet i Bergen og 10 skular frå regionane. Prosjektet er også støtta av UH-nettvest.
– Dagen etter vårt seminar møtte Anna Sfard lærarane som er med i prosjektet til diskusjon om korleis elevane møter formal algebra.