Ga meir til forskingsprosjekt

Styret i UH-nett Vest har delt ut 1,48 millionar kroner til sju forskingsprosjekt.

Det var i styremøtet i Bergen onsdag 9. november at styret delte ut midlane. Opprinneleg var det satt av 1 million kroner til forskingsmidlar i år, men det blei auka med 480 000 kroner i tråd med innstillinga frå Forskingsutvalet og Kontaktutvalet.

Desse prosjekta er innvilga støtte:

  • Brukernes oppfatning av medvirkning i forskning
    Deltakarar: UiB, HiB, HiSF. Beløp: kr.235.000
  • Dialogbaserte skolekonserter (DiSko)
    Deltakarar: HSH, UiB, UiS. Beløp: kr. 240.000
  • ART@CREATIONS
    Deltakarar: HSH, HVO, UiB, HiB. Beløp: kr. 250.000
  • Språksamlingane i masteroppgaver
    Deltakarar: HiB, UiB, HVO. Beløp: kr. 105.000
  • Barnevernsprosjektet
    Deltakarar: HVO, UiB, HiB, HiSF. Beløp: kr. 150.000
  • Biomarkører for trening, restitusjon og kognitiv funksjon
    Deltakarar: HiB, HiSF, UiS, UiB. Beløp: kr. 250.000
  • Familiebasert arbeid i norsk velferdsregime
    Deltakarar: UiS, UiB, HiB. Beløp: 250.000

Alle prosjekta vil bli tilskriven.

Styret sa seg godt nøgde med talet og kvaliteten på søknadane. Dei var og tilfreds over at søknadsskjema var nettbasert.
Styret sa seg godt nøgde med talet og kvaliteten på forskingssøknadane. Dei var og tilfreds med at søknadsskjema no var forenkla og nettbasert.