På Tvers III-prosjektet

Prosjektet går i perioden 2016-18 og er ei vidareføring av to tidlegare fasar av På Tvers-prosjektet i regi av UH-nett Vest. Budsjettet er på 350 000 kr og dekkjer møte pluss tre månadsverk hjå CRIStin og to månadsverk for prosjektleiar.

Mandat:
Dei to føregåande «På Tvers»-prosjekta viste at det er omfattande behov for å betre tilgangen til forskingslitteratur og forskingsdatabasar i organisasjonar med få relevante brukarar. Forskarane gir uttrykk for at dei treng tilgang her og no for å kunne gjera ein god jobb. I nokre tilfelle er det dessutan berre snakk om periodevis behov for forskingslitteratur. Lisensar til slike databasar er samstundes kostbare og vil truleg vera relativt arbeidskrevjande for så små institusjonar.

Mandatet for prosjektet er at ein saman med CRIStin søkjer å utvikle meir fleksible modellar av fellesløysingar for korleis desse organisasjonane kan løyse sine behov for effektiv tilgang til digital vitskapeleg forsking. Dette kan vera løysingar på nasjonalt nivå eller på regionalt nivå, via aktuelle bibliotek i UH-sektoren.

Ein vil òg skissere mogelege løysingar for opplæring / brukarstøtte i søking og bruk av desse ressursane. Løysingane må legge til rette for avtalar som vert akseptable for institusjonane, forlaga, CRIStin og samarbeidande bibliotek.

Målet er at ein av modellane kan setjast ut i livet i prosjektperioden eller i forlenginga av denne.

Prosjektgruppe:

Styringsgruppe:

  • Ane Landøy (UiB) (leiar)
  • Marianne Nesbjørg Tvedt (HVL)
  • Trude Færevaag (HVL)
  • Astrid Sandnes (HVL)
  • Nina Karlstrøm (CRIStin)

Tidlegare prosjektrapportar:

Share on Facebook0Share on Google+0Share on LinkedIn0Tweet about this on Twitter