Tar PPU sterkare inn i forskinga

PPU er ei av de største lærarutdanningane på Vestlandet med mange hundre studentar årleg. No intensiverer arbeidsgruppa for PPU forskingssamarbeidet i nettverket.

Denne veka inviterte dei til sitt årlege dagsseminar i Bergen.

Seminaret er ein møteplass for erfaringsutveksling og tverrfagleg samarbeid. Tema for dei føregåande seminara har vore:

  • 2015: Praksis i lærarutdanningene
  • 2016: Aksjonsforsking og Pedagogisk utviklingsarbeid
Førsteamanuensis Torbjørn Waaland ved Universitetet i Stavanger presenterer eit forskingsdesign kor praksisstudentar bruker praksisfeltet til å hente inn data til analysebruk. Alle foto: Gisle Heimly.

 

Høgskulelektor Kjersti Hovland frå Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal, fortalte om følgjeforskinga si på Yrkesfaglærarløftet og vidareutdanningspilotane som startar opp denne hausten.

 

Dosent Egil Eide frå Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen, orienterte om ulike prosjekt som er sett i gang i Bergen.