Spennende konferanse: Læringsteknologi i høgare utdanning

Digitalisering er tema for neste års UH-nett Vest seminar på Solstrand. Eit fint opptrekk til dette er konferansen «Læringsteknologi i høgare utdanning» som arbeidsgruppa for digitalt samarbeid arrangerer i Stavanger i slutten av september.

– Seminaret går over to dagar, 26.-27. september. Den første dagen følgjer me programmet i Nordic Edge EdTech, og påfølgjande dag følgjer me opp inntrykka frå dag ein med diskusjonar og nye tema. Fleire av innleiarane på dag ein vert med dag to, fortel Aslaug Grov Almås i arbeidsgruppa.

Ho seier at maks antall deltakarar på seminaret er sett til 45, og at invitasjonene no er sendt til dei ulike institusjonane i nettverket.

På programmet er det mange godbitar med nasjonalt og internasjonalt preg:

How can the didactic relationship model be understood in the light of the 1:1 introduction?
Prof Sigmund Lieberg from the University of Oslo comments on the didactic relationship model when new framework factors are introduced. How can the didactic relationship model be understood in the light of the 1:1 introduction?

Transforming Education through Collaboration, Design, and Play
Rebecca Rufo-Tepper, Co-Executive Director, Institute of Play

Way of Working: Fun Learning
How are gamification changing the way we learn?Lauri Järvilehto, CEO and Co-Founder of Lightneer

Sollentuna – a successful investment in cloud services at school
Andreas Cassne, ICT strategist for the primary schools in the Sollentuna Municipality in Sweden. Since 2011 he‘s been working with the implementation of G-Suite and Google Drive for collaboration and learning, and support among the  municipality’s 8000 students and 1500 teachers.

Utover dag ein blir det debatt og fleire korte innlegg med ulike tema, til dømes:

    • VR in teaching of molecular biology
    • Education in 3D
    • Minecraft in education. Why?
    • The «new woodwork lesson» in school: STEM coding and micro:bits?
    • Learning in Statoil, the link to individual development
    • Digital everyday life in Secondary School
    • Transform learning experiences with Watson
    • Digital competence – the new class distinction?

Eit grep arbeidsgruppa legg opp til er at deltakarane undervegs skal arbeide i eit samskrivingsdokument med spørsmål og problemstillingar som vert presentert på dag to.

Programmet for dag to handlar om å fordøye gårsdagen og arbeide i lag og dele efaringar. I tillegg kjem det nye oppspel til diskusjon. På programmet finn me innlegga:

Nye undervisningsformer ved juridisk fakultet
v/ Jan-Ove Færstad

Besøk ved didaktisk digitalt verksted / læringslab ved UiS

Digitale utfordringar til høgare utdanning sett frå kommunenivå
v/Pamela Sudman, fagsjef Time kommune og Christian Sørbye Larsen, Spesialrådgiver og prosjektleder for Digital skolehverdag i Bærum kommune

Innovasjon i undervisning. Samhandlingsløsninger mellom fysiske og virtuelle møter
v/ Tobias Heiberg, Leder af Professionshøjskolen UCCs faglige miljø for digitalisering og læring

 

Share on Facebook0Share on Google+0Share on LinkedIn0Tweet about this on Twitter