Riggar nynorsknettverket for framtida

I oktober tok nynorsknettverket ein fot i bakken. No organiserer dei arbeidet på ein ny måte som skal gi ny kraft i arbeidet. Målet er å dra vekslar på dei ulike institusjonane sin kompetanse.

Nynorsken er viktig for Vestlandet og i dag er det fleire faglege tyngdepunkt innanfor nettverket. Høgskulen i Volda er eitt av dei. Her er det nyss skipa ei stor og breitt samansett forskargruppa som mellom anna skal etablere ein skriftserie. Dette sterke fagmiljø vil ein no kopla tett saman med nynorsknettverket i UH-nett vest.

I dette møtet ser ein for seg fleire gevinstar og nye forskingsprosjekt. Skriftkulturell praksis er noko som peikar seg ut som felles, empirisk forskingsområde.

Det kan implisere problemstillingar som: Kva er praksisen til nynorskbrukarane i dag? Når og kvar og korleis skriv dei nynorsk? Kva for forventningar til språkbruk ligg i ulike retoriske situasjonar for nynorskelevar/-brukarar? Korleis er det å vere nynorskbrukar i dag? Kva er vilkåra deira for skriftspråkleg praksis?

På seminaret for nynorsknettverket i Bergen var ein einige om at nettverket held fram med med ei open nettverksgruppe og eit valt arbeidsutval. Hege Myklebust og Eli Bjørhusdal vil dele på leiarvervet, medan Johan Myking er skrivar.

 


Rikare og lysare tid i vente for nynorsknettverket: Bak frå venstre: Kirsti Lunde (HVL, campus Sogndal), Ingvil Brügger Budal (NLA), Endre Brunstad (UiB), Eli Bjørhusdal (HVL, campus Sogndal) og Stig Jarle Helset (HVO). Foran frå venstre: Hege Myklebust (HVL, campus Stord), Eldar Heide (HVL, campus Bergen), Ann-Kristin Helland Gujord (UiB) og Johan Myking (UiB).

 

Share on Facebook0Share on Google+0Share on LinkedIn0Tweet about this on Twitter