Arbeidsformer, arbeidskrav og eksamen

Kan verta justert og revidert før studiestart.

Tilbodet i Nasjonalt Rektorprogram (Skuleleiing PEDA 661, UiB, 30 stp) baserer seg på at skuleleiarane gjennom hele studietida skal ha fokus på leiarutvikling i egen organisasjon. Studiet er bygget opp med arbeidskrav som inneber at deltakarane må arbeide systematisk og førebu seg til alle samlingane. Studiet er på masternivå.

Det blir forventa at deltakarane møter på samlingane og kullkoordinator får melding  dersom ein ikkje kan møte.

1. Arbeidsformer på samlingane

På samlingane vil det bli lagt opp til forelesingar, diskusjonar, ferdigheitstrening og rettleia gruppearbeid. Kvar rettleiingsgruppe får ein fast rettleiar, og deltakarane blir inndelt i rettleiingspar som følgjer arbeidsprosessen til kvarandre i skrivinga av dei to tekstane som skal inngå i eksamensmappa. Studentane blir oppmoda om å halde seg orienterte om utdanningspolitiske saker og ha med seg avisutklipp til samlingane.

2. Arbeidskrav

Deltakarane lever til saman fire korte refleksjonsnotat, eitt notat etter kvar av samlingane to, tre, fire og fem kvar gong på 2-3 sider per tekst. Refleksjonsnotata skal vere knytt til tema på samlingane og vise på kva måte fagstoffet kan medverke til auka forståing for eiga leiarrolle (t.d.: I kva grad opplevde du foredraga og litteraturen knytt til desse nyttig for deg som leiar? Kan det vera element frå denne samlinga som du kan knyta til utviklingsprosjektet ditt eller aktuelle utfordringar på din skule? Var noko av ferdigheitstreninga viktig for deg?). Det er ingen særskilde krav til korleis refleksjonsnotata blir skrivne, men refleksjonane til studentane skal ta utgangspunkt i resonnement og fagtermar frå litteraturen. Teksten skal innehalde referansar til litteratur knytt til samlinga og litteraturliste.  Er ein deltakar borte frå samlinga, blir refleksjonsnotatet skrive ut frå det oppgitte temaet og litteratur knytt til samlinga.

Arbeidskravet – alle fire refleksjonsnotata – må vere godkjende av kullkoordinator før studenten får gå opp til eksamen.

3. Eksamen/sluttvurdering:

Studiet er bygd opp rundt fem hovudtema:

  1. Læringsresultat og læringsmiljø for elevar
    2. Styring og administrasjon
    3. Samarbeid og organisasjon
    4. Utvikling og endring
    5. Leiarrolla – ei heilskapleg utfordring

Studentane skal levere ei eksamensmappe som inneheld to individuelle tekstar som skal bidra til læring av fagstoff, refleksjon og systematisk argumentasjon som grunnlag for å styrke eiga utøving av leiarrolla:
1. Utviklingstekst som skal ha hovudtyngd knytt til tema 1 og/eller 4 og 5
2. Fordjupingstekst som skal ha hovudtyngd knytt til tema 2 og/eller 3 og 5

Temaområde 5 har overordna karakter og er relevant for arbeidet med begge tekstane. Begge tekstane må få vurderinga bestått for at studiet skal bli godkjent.

3.1 Tekst 1 Utviklingstekst

Deltakarane startar med utviklingsteksten. Gjennom arbeid med teksten vil deltakarane få høve til å bearbeide eigne erfaringar for å auke fagleg innsikt i endringsprosessar, blir tryggare og meir reflektert som leiar og får auka kompetanse til å gjennomføre nødvendige endringar på eigen skule. Det blir gitt rettleiing og tilbakemelding på tekstane både av den faste rettleiaren og av medstudentar. Noko av rettleiinga blir gitt skriftleg på Fronter, noko munnleg på samlingane. Deltakarane får primært rettleiing på skriving av utviklingsteksten, ikkje på korleis prosjektet blir gjennomført.

3.1.1 Krav til innhald og form

  • I teksten skal det gjerast greie for eit pedagogisk utviklingsarbeid på egen skule, anten eit nytt prosjekt som skal startast opp, eller eit som allereie er i gang
  • Teksten skal ta utgangspunkt i konkrete leiarutfordringar i utviklingsarbeidet og vise korleis desse blir handtert i samarbeid med skuleeiger
  • Teksten skal ha ei problemstilling som blir utforma i samråd med medstudentar og rettleiar og skal godkjennast av rettleiar
  • Relevant teori/ faglitteratur skal presenterast
  • Problemstillinga skal drøftast i lys av teori
  • Teksten skal ha ei klår innleiing med kort omtale av kva utviklingsarbeid som det blir gjort greie for i teksten, ein hovuddel og ei avslutning med oppsummering eller konklusjon på problemstillinga. Informantar skal anonymiserast
  • Teksten skal ha ei akademisk form, og litteraturlista, bruk av sitat og tilvisingar skal følgje vanleg akademisk standard
  • Omfang: 4000 ord, Calibri, 11 pkt., 1,5 linjeavstand

3.1.2 Arbeidet med utviklingsteksten

  1. Arbeid i tilknyting til andre samlinga
  • To veker før andre samlinga presenterer deltakarane ein prosjektplan på Fronter.  Planen inneheld ein kort omtale av skulen, konkrete utfordringar som direkte eller indirekte kan knytast til læringsmiljøet og elevene sine læringsresultat. I tillegg skal planen innehalde utkast til problemstilling, målsetting for utviklingsarbeidet og opplegg for gjennomføring/tiltak (ca. 2-3 sider). Det er ein føresetnad at skuleleiar har drøfta utfordringane både med personalet og med skuleeigar.  Det er høve til å velje eit utviklingsarbeide som allereie er i gang
  • Alle les tekstane til dei andre på gruppa før samlinga. Rettleiingspara førebur ei tilbakemelding til kvarandre som blir gitt munnleg på samlinga.
  • Før andre samlinga gir rettleiar tilbakemelding på Fronter til den enkelte på utkast til problemstilling. Fokus no er dokumentasjon av utviklingsprosessen
  • På andre samlinga blir dei ulike prosjekta drøfta i rettleiingsgruppene
  • Seinast ei veke etter samling to skal alle ha fått godkjent problemstillinga av rettleiar
  1. Arbeid i tilknyting til tredje samlinga
  • To veker før tredje samlinga legg deltakarane andre versjon av teksten ut på Fronter. Alle les alle utkasta til gruppa før samlinga. Rettleingspara førebur munnleg tilbakemelding til kvarandre
  • Før samlinga gir rettleiar tilbakemelding til den enkelte på Fronter. Fokus denne gongen er på bruk av faglitteratur i utviklingsteksten.
  • På samlinga blir det gitt tilbakemelding på utkasta i gruppa og individuelt etter behov
  1. Arbeid i tilknyting til fjerde samlinga
  • To veker før samling fire legg deltakarane tredje versjon av teksten ut på Fronter. Fokus no er aktivitet, leiarutfordringane i utviklingsprosjektet og korleis desse kan handterast
  • Alle les utkasta til dei andre på gruppa. Rettleiingspara førebur munnleg tilbakemelding til kvarandre
  • På samlinga blir det gitt tilbakemelding på utkasta i gruppa og individuelt etter behov
  1. Arbeid etter fjerde samlinga
  • Deltakarane arbeider vidare med å ferdigstille teksten. I denne fasen er det viktig å synleggjerer faglitteratur i teksten
  • Rettleiingsparet hjelper og stør kvarandre vidare etter behov
  • Den enkelte deltakar får ei siste tilbakemelding frå rettleiar, dersom han ber om det, før utviklingsteksten blir ferdigstilt
  1. På den sjette samlinga presenterer deltakarane prosjektet sitt munnleg

3.2. Tekst 2 Fordjupingstekst

Deltakarane blir utfordra til å arbeide grundig med pensumlitteratur for å auke den faglege innsikta i sentral og nyare litteratur innanfor leiing.

3.2.1  Tema og problemstilling

Deltakarane skal velje èi av problemstillingane nedanfor:

1.Gjer greie for nokre sentrale kjenneteikn ved eit godt samarbeidsklima og drøft korleis du som leiar kan vidareutvikle eit godt samarbeidsklima ved skulen din

  1. Gjer greie for ulike typar konfliktar i arbeidslivet og drøft korleis skuleleleiar kan handtere desse
  2. Gjer greie for nokre sentrale forventningar til skuleleiarrolla og drøft korleis du som skuleleiar kan handtere desse
  3. Gjer greie for korleis skulen er en del av et nasjonalt styringssystem og drøft kva handlingsrom skuleleiar har innanfor dette systemet
  4. Gjer greie for nokre internasjonale trekk ved skuleutviklinga og drøft korleis desse trendane kjem til uttrykk i kommunen og skulen din

3.2.1 Krav til innhald og form:

  • Teksten skal ha ein tydeleg struktur med ei kort innleiing, ein hovuddel og ei avslutning med oppsummering eller konklusjon på problemstillinga
  • Relevant teori/ faglitteratur skal presenterast
  •  Problemstillinga skal drøftast i lys av teori
  • Teksten skal ha ei akademisk form, og litteraturlista, bruk av sitat og tilvisingar skal følgje vanleg akademisk standard
  • Omfang: 3000 ord, Calibri, 11 pkt., 1,5 linjeavstand

3.2.2 Arbeid med fordjupingsteksten

Etter tredje samlinga startar arbeidet med fordjupingsteksten.

  • Ei veke før samling fire legg deltakarane inn i Fronter ein disposisjon og eit førsteutkast
  • Alle les utkasta til dei andre i gruppa før fjerde samlinga. Rettleiingspara førebur munnleg respons som blir gitt på samlinga
  • To  veker før samling fem legg deltakarane ein ny versjon i Fronter
  • Ei veke før samling fem gir rettleiar skriftleg respons på Fronter
  • På samlinga blir det gitt munnleg rettleiing til den enkelte
  • Den enkelte deltakar får ei siste tilbakemelding frå rettleiar, dersom ein ber om det, før fordjupingsteksten blir ferdigstilt

Revidert 12.06.2013