Kunnskapsområdegrupper

Nasjonal forskrift om rammeplan for barnehagelærerutdanning og Nasjonale retningslinjer for barnehagelærerutdanning har som mål ein integrert og heilskapleg profil.

I staden for dei tradisjonelle akademiske faga, er det faglege innhaldet for barnehagelærarutdanninga organisert i seks kunnskapsområde. Både faglege, pedagogiske og praksisrelaterte element blir sett i samanheng.

Når program- og emneplanar skal arbeidast fram skal arbeidsmåtane, pensum og vurderingsformene korrespondere med læringutbytteformuleringane i kvart kunnskapsområde. I tillegg skal fagemna, pedagogikk og praksis koplast saman innanfor kunnskapsområda, både innhaldsmessig og organisatorisk.

I UH-nett Vest har vi organisert seks kunnskapsområdegrupper og ei praksisgruppe. Desse sju er «Hovudgruppeleiarar», og samarbeider tett med prosjektgruppa. I sine respektive grupper har dei med seg leiarane på institusjonsnivå. I prosjektperioden har dei stundom møte åleine. Stundom er det møte på hovudleiarnivå, eventuelt saman med prosjektgruppa.

Oversikt Plangruppeledere (PDF)

Programplanar for barnehagelærerutdanninga (BLU):

NLA – Programplan BLU
HSH – Programplan BLU
HVO – Programplan BLU
HiB – Programplan (Barns utvilking, leik og læring)
HiB – Programplan (Kunst, kultur og kreativitet)
HiB – Programplan (Natur, helse og rørsle)

 

Share on Facebook0Share on Google+0Share on LinkedIn0Tweet about this on Twitter