Korleis påverkar video undervisninga vår?

Bruk av video i utdanningane er på plakaten som aldri før. Det handlar om alt frå strømming av førelesing, gjennomføring av videomøter mellom studentar og faglærarar, omvendt undervising og mykje meir. Men kva funkar? Kva er klokt og bra? Kva bør vi leggja vekk? Seminaret på Stord i juni ga fleire svar.

Dei to første dagane i juni inviterte arbeidsgruppa Digitalt samarbeid i UH-nett Vest til seminar for å diskutere: Video – Kva gjer vi, kvifor gjer vi det og korleis? Gjennom korte introduksjonar av flinke innleiarar fekk deltakarane innblikk i ulike teknikkar, og diskusjonane var i gang.

Stefan Rodheim kom frå Sverige der han leiar Next Generation Learning Center Høgskolen ved Dalarna. Han fortalde om omstillingsprosessen dei har vore gjennom. Frå å vera ein institusjon med 8000 studentar i 2001 er dei i dag 16000 studentar. I same periode har dei redusert talet på campus frå 6 til 2.

– Om eg ikkje tek feil har vi alt samla på ein campus neste år, sa Stefan.

– Slike innspel ga seminardeltakarane noko å tenkja på, fortel Aslaug Grov Almås i HSH som stod i spissen for seminaret. Eit anna innspel som kom frå Rodheim  var at Høgskolen i Dalarna ikkje skilde mellom nettstudentar, EVU-studentar eller campusstudentar.

– Ein student er ein student, sa Rodheim.

Argumentasjonen er at alle studier i dag har nettet som undervisnings- og samhandlingsarena. Rodheim deltok på heile seminaret og var med i diskusjonane.

– Han la vekt på at  Dalarne-modellen ikkje var noko einsarta modell. Kvart fag og utdanningsløp må finna sin måte å gjera dette på. Det einaste som er heilt sikkert er at vi ser ei endra lærarrolle for tilsette i høgare utdanning. Ei rolle som vi må jobba kontinuerleg med å utvikle. Dette har tatt tid i Dalarna og det må vi ha forståing for blant kollegaene dykkar på Vestlandet også, sa Rodheim.

Han understreka at god støtte til dei tilsette har hatt høg prioritet ved Dalarna.

Seminaret inneheldt fleire gode døme frå alle institusjonane i nettverket.

– Vi fekk mellom anna sjå korleis Universitetet i Stavanger la opp digitale dirigentstudium, korleis det juridisk fakultet ved Universitetet i Bergen gjennomførte digitale fagsamtalar innan jus og korleis Høgskolen i Bergen med enkle grep fekk video til å bli ein naturleg del av ein powerpointpresentasjon.

Variasjonen i programmet vart godt motteke.

Jin Sigve Mæland er medlem i studentparlamentet ved Universitetet i Bergen og hadde saman med leiarar frå dei andre studentparlamenta sett saman ein film om korleis studentane såg på digitalisering av undervisning.

– Eg kommuniserer stort sett berre med 140 tegn i det daglege og mobiltelefonen min er uunnværleg for meg, sa han.

Det vart god diskusjon i forsamlinga etter studentane sin presentasjon. Jin Sigve innrømte at ein i svært liten grad hadde diskutert kva konsekvensar det får for campus når ein digitaliserer undervisninga.

– Eg trur heller ikkje de er klar over kor mykje vi veit om dykk studentar, og korleis de studerer, når vi tilrettelegg for digitale løysingar, kommenterte Atle Løkken som leiar Nettop avdelinga ved Universitetet i Stavanger.

Hovudmålsettinga med seminaret på Stord er at alle instistusjonane får utveksla erfaringar.

– Video i undervisinga er ein tematikk som arbeidsgruppa for Digitalt samarbeid ofte diskuterer i sine nettverksmøter, seier Aslaug Grov Almås.

– Vi skal alle samarbeida tett i tida som kjem og møter nye utfordringar heile vegen, legg ho til.

Det var sett av tid til gruppearbeid institusjonsvis på slutten av seminaret og då fekk ein konkretisert meir kva digitaliseringa og videobruken fører til på eigen institusjon

– Arbeidsgruppa har fått veldig gode tilbakemeldingar på seminaret og kjem til å arrangere fleire liknande seminar i tida som kjem.

– Vi set pris på å få innspel til tema for vidare seminar, opmodar Aslaug Grov Almås.

Aslaug Grov Almås orienterer om HSH sine digitale fasiliteter
Aslaug Grov Almås orienterer om HSH sine digitale fasiliteter. Alle foto: Lars Helge Nilsen.

 

Knut Martin Tande, UiB, skapte stor stemning med sitt inspirerende innlegg om opptak av fagsamtaler
Knut Martin Tande, UiB, skapte stor stemning med sitt inspirerende innlegg om opptak av fagsamtaler
En ivrig og interessert forsamling følger med.
En ivrig og interessert forsamling følger med.
Svend Andreas Horgen, nede til høyre, hadde innlegg direkte fra NTNU – som seg hør og bør på en konferanse om videoundervisning!
Svend Andreas Horgen, nede til høyre, hadde innlegg direkte fra NTNU – som seg hør og bør på en konferanse om videoundervisning!

 

Kan det bli for mye e-stoff, spurte Anders Grov Nilsen fra HSH
Kan det bli for mye e-stoff, spurte Anders Grov Nilsen fra HSH

 

Atle Løkken fra Arbeidsgruppen og UiS supplerer fra salen
Atle Løkken fra Arbeidsgruppen og UiS supplerer fra salen
Hva kan video brukes til?
Hva kan video brukes til?

 

Jon Hoem, HiB, om videoers funksjon
Jon Hoem, HiB, om videoers funksjon