IKT og medier
Dette forskningsnettverket ble vedtatt av styret i UH-nett Vest i juni 2010. Me er i ein oppstartsfase og driv og kartlegg kompetanse og moglegheiter for tettare forskningssamarbeid.
Vår region har eit særpreg som kan prega forskingsprosjekt innafor IKT og medier. Vestlandets kystar, fjordar og fjell er ei konstant utfordring. Sjølv om regionen har stor velstand, er det rom for ytterlegare forbedringar av vilkåra for kommunikasjon og identitet.
Samspelet mellom det virtuelle og fysiske kan og bør utnyttast til utvikling av originale forskingsprosjekt innafor UH-nett Vest. Forsking og utvikling inneber alltid ei gjensidig utvikling av teknologi og praksis, ein vekselverknad der ein gjer endringar (forbetringar) av praksis gjennom ny teknologi, og utvikling av teknologi gjennom erfaringane frå praksis. Forskaren styrer denne dynamiske prosessen ved dei metodane som vert tekne i bruk.
Våre fagmiljø er prega av eit rikt tilfang av metodar der ein utnyttar kvantitative og kvalitative tilnærmingar, designforsking, tekstanalyser og andre metodar i eit samspel for å utvikla og forstå teknologien og bruken i reelle omgjevnader. Forsking innanfor rammene av det forslåtte området bør utvikla teknologi og nye medier i samspel med tidlege og kontinuerlege evalueringar.
Forsking på dei tema og teknologiar me skisserer kan finansierast på ei rekkje måtar, både internt og eksternt. Det er naturleg å nemna VERDIKT, FRISAM og FRITEK i Noregs forskingsråd som moglege finansieringskjelder. I tillegg kan internasjonale kontaktar gjera det mogeleg å søkja støtte i EU-systemet.




