God konferanse om lærarutdanninga

Norsk lærarutdanning og læraryrket er i vinden som aldri før. I dag opna statsråd Tora Aasland konferansen "Lærarutdanninga i eit samfunnsperspektiv" som det nye Universitets- og høgskulenettverket på Vestlandet står bak. - Slike nettverk styrkar og aukar kvaliteten. Det skal og løna seg, sa statsråden.

Som kjent er den nye stortingsmeldinga om morgondagens lærarrolle og lærarutdanning venta på nyåret. Arbeidet med meldinga er ikkje sluttført, men det er gjort kjent at det arbeidast mot etablering av ei nivådelt lærarutdanning; ei lærarutdanning retta mot dei lågaste klassetrinna i grunnskulen og ei lærarutdanning mot dei høgare klassetrinna i grunnskulen.

På konferansen i Bergen i dag trakk statsråden mellom anna fram lærarrolla.
- Me ønskjer å styrkja den faglege rolla, formidlingsrolla og læraren som kunnskapberar.

- I stortingsmeldinga vil me og løfta fram dei mange andre rollene som læraren har, til dømes klasseleiar og omsorgsperson, sa Aasland.

- Me treng og fleire ekspertlærarar; til dømes lærarar innan leseopplæring.

Det nye pedagogikkfaget, forskingsbasert og yrkesretta lærarutdanning, fråfall, rekruttering, studiekrav og danningsperspektivet var andre tema statsråden løfta fram. Avslutningsvis helste ho nettverket UH-nett Vest velkomen.

Konferansen ”Lærarutdanninga i eit samfunnsperspektiv” fann stad på Vitensenteret i Bergen. I overkant av 100 personar frå lærestadene og samfunns- og næringsliv i regionen deltok.

Programmet for den opne koferansen



FØREBUR SEG: Styreleiar Sigmund Grønmo i UH-nett vest og statsråd Tora Aasland like før opninga.


DIDAKTIKK SOM NØKKEL: Professor Sven-Erik Hansen frå Åbo Akademi Universitet i Finland snakka om den finske lærarutdanninga. Didaktikk var eit omgrep som gjekk igjen i all tenking og utøving.



KREATIVITET OG LEIK: Anne K. W. Turøy og Stein Bakke frå Høgskolen i Bergen opna konferanse med musikk, og minna deltakarane om å halda fram med leiken og det kreative i morgondagens lærarutdanning.



KULTUR: Læraren var ein kulturberar og samfunnsutviklar. Den rolla må læraren tilbake i, meinte Magne Espeland frå Høgskolen Stord/Haugesund.


VIL BIDRA: Marit Warncke frå Bergen Næringsråd snakka varmt om eit tettare og meir forpliktande samspel mellom skule og næringsliv. Kanskje bør me ha eit lovfesta samarbeid mellom skulen og næringslivet? spurde ho.
 


TRENG FLEIRE LÆRARAR: Ordførar Petter Steen jr. frå Haugesund kommune snakka om utfordringa med å rekruttera nok lærarar.
- I løpet av 12 år må me ha inn ein stad mellom 130 og 200 lærarar i vår kommune. Utfordringa er stor.



MORGONDAGENS ELLER GÅRSDAGENS? Professor Kari Smith frå Universitetet i Bergen peikte på om dagens lærarutdanning og morgondagens tek opp i seg det som ventar oss i framtida. Satsar me nok på kreativitet og innovasjon?


MØTEPLASS: Konferansen var ein god møteplass for å treffast, knyte kontaktar og diskutera.


BETRE PROFESJONSROLLA: Utdanningsdirektør Bjørn L. Tønnesen i Sogn og fjordane peika på korleis me kan bruka omgrepet vurdering til å forma den nye lærarutdanninga.


DEBATT: Ordstyrar Jan Olav Fretland fekk til eit godt ordskifte. Med seg i panelet hadde han rektor Eli Bergsvik frå HiB (tv), nestleiar Nina Bøhnesdalen frå Foreldreutvalet for grunnskulen, politioverbetjent Bente Liland frå førebyggjande avdeling, Fana politistasjon – og Jon Sørland frå Flora vidaregåande skule.

Alle foto: Haakon Nordvik/Høgskolen Stord/Haugesund.


 

Høgskolen i BergenHøgskulen i Sogn og FjordaneHøgskolen Stord/HaugesundHøgskolen i VoldaUniversitetet i Bergen