Godt møtepunkt for betre brukarmedverknad

Korleis kan me utvikle og integrere brukarmedverknad best mogleg i forsking?

I midten av september gjekk konferansen «Møtepunkt for medverknad i forsking innan psykisk helse» av stabelen i Loen. Konferansen var støtta av UH-nett Vest – og i spissen for konferansen stod Christian Moltu som er fagsjef i Helse Førde og professor II ved HVL.

I 2015 fekk forskargruppa hans midlar til å bygga opp eit kompetansemiljø og sterkare samarbeid mellom alle institusjonane i UH-nett Vest innan medverknad i forsking i psykisk helse.

Eit av måla var å posisjonere regionen for utlysingar av forskingsmidlar på prosjekt med aktiv brukarmedverknad, og ikkje minst etablere eit møtepunkt for medforskarar og forskarar i medforskingsprosjekt i UH-nett Vest.

60 fagpersonar møtte på konferansen. Moltu fortel om utbytterike dagar.

– Brukarmedverknad er eit svært sentralt og viktig tema innan dagens helseforskingsdiskurs.

– HelseOmsorg21, den nasjonale helseforskingsstrategien, set brukarmedverknad i forsking opp som prioritert punkt. Dette reflekterast også i måten forskingsfinansieringsorganisasjonar utviklar utlysingar og søknadsskjema.

– Brukarmedverknad i forsking er gjort til eit eksplisitt krav, og prosjekt utan dette må grunngi det eksplisitt. Men korleis gjer ein dette på ein god måte metodisk? Det er noko av det me ønskte å få fram.

Han fortset:

– Når føringar set brukarmedverknad i forsking høgast på dagsorden, slik som HelseOmsorg21 gjer, så kan dette gi grunn til å glede seg for dei som jobbar med dette.

– Men der er ein ulv i myra: Når alle helseforskarar må inkludere brukarar i prosjekta sine, så er det ein risiko for at dette vert gjort metodisk ulurt for dei som ikkje har særskilt interesse for denne metodikken. Ei slik utvikling vil kunne føre både til at brukarressursar vert brukt til inga god nytte, at kvaliteten ikkje vert god, og at brukarmedverknad i forsking kan miste sitt gode namn og rykte. Det synes difor ekstra viktig no, at forskarar og medforskarar som har jobba grundig med metodikken møtast for å utvikle denne vidare.

Moltu seier at støtta og koplinga til UH-nett Vest er viktig:

– Me fekk god støtte til planlegging, gjennomføring og etterarbeid med konferansen. I regionen frå Volda i nord til Stavanger i sør har vi fleire forskingsmiljø som over tid har jobba grundig med medforsking og brukar- og pårørandemedverknad i forsking.

– I kvar av høgskulane i regionen, ved universiteta, og i alle dei fire helseføretaka, finnast sterke miljø med erfaring frå dette feltet. Studiar av mellom anna recovery, pårørandeerfaringar, helsetenesteforsking, behandlingsforsking og metodeutvikling, har vorte gjennomført og formidla i gode tidsskrift.

– Psykisk helse-feltet har ein sterk tradisjon på Vestlandet her. Men konferansen var ikkje avgrensa til dette feltet. Deltakarar frå forskingsprosjekt i somatiske helsekontekstar tok også del.

Moltu fortel at arbeidsgruppa ikkje vil vere ei vedvarande arbeidsgruppe/prosjektgruppe, men går inn i allereie eksisterande nettverk, slik som til dømes PsykNettVest.

– Konferansen etablerte like fullt møtepunkt mellom ulike prosjekt, også med nasjonal deltaking, for vidare konkrete samarbeid.

– Som eit resultat av konferansen vil det bli utvikla ein rapport og ein vitskapleg artikkel om metodeutviklinga, som ei følgje av datainnsamling som gjekk føre seg mellom forskarar og medforskarar som deltok på konferansen.

Komiteen frå venstre: Dorte Gytri, Marit Solheim, Åse Skjølberg, Bente Hasle, Kjersti Gausvik og Christian Moltu. Desse var ikkje tilstades: Målfrid J. Frahm Jensen og Marius Veseth.
– Om lag 60 personar som alle har erfaring med brukarmedverknadsmetodikk i forsking, anten som tradisjonelle forskarar eller som medforskarar med brukarerfaring, tok del på konferansen. Konferansen hadde eit program med både tradisjonelle presentasjonar av prosjekt, metode- og perspektivinnlegg, og aktive arbeidsøkter for å klargjere metodiske perspektiv. Målet er å utvikle deltakande forskingsmodellar metodisk, og komme vidare frå festtalar, seier Christian Moltu.
Etter parallellsesjonane var det tid for spørsmål frå salen. Fleire nytta anledninga.
Eva Biringer og Bengt Sundfør held innlegg om «Saman blir vi meir treffsikre -brukarmedverknad og gyldighet av forskingsresultata frå eit DPS-basert forskingsprosjekt i Helse Fonna».
Marius Veseth innleia til tankar og diskusjon om «Medforsking: Kvifor?»