Gir etableringsstøtte til ny forskarskule

Styret i UH-nett Vest støtter etableringa av ein ny forskarskule.

Målet med den nye forskarskulen er å etablere eit nettverk av institusjonar på Vestlandet som inngår i eit forpliktande samarbeid om forskarutdanning.

Universitetet i Bergen er vertsinstitusjon og professor Rune Johan Krumsvik er fagleg leiar.

Han fortel at forskarskulen tematisk vert orientert mot lærarutdanning, pedagogikk, spesialpedagogikk, universitets -og høgskulepedagogikk og utdanningsvitskap.

WNGER II er og tenkt å vere ein forskarskule kor ein kan samarbeide om doktorgradskurs, forskingsrettleiing på PhD-nivå, doktorgradsseminar, sommarskular (til dømes Bergen Summer Research School), forskargrupper, forskingssøknader, doktorgradsrettleiing på tvers av partnarinstitusjonane, m.m.

– På denne måten kan me tilby ei breiare forskarutdanning enn det kvar enkelt institusjon har høve til aleine.

Partnarinstitusjonane UiS, HVL, NLA, HVO og VID blir representert med eit medlem kvar i styret for forskarskulen. I tillegg vil styret for WNGER II ha med  eit styremedlem frå UH Nett-Vest og ein stipendiatrepresentant.

I tillegg vil WNGER II ha eit fagpanel med representantar frå alle partnarinstitusjonane, UH Nett Vest og stipendiatrepresentant. Desse er tenkt å ha ein meir løpande kontakt om forskarskulens drift, innhald og samarbeidsmoglegheiter.

Forskarskulen startar opp i januar 2018 med doktorgradskurs. Den formelle opninga av forskarskulen er lagt til torsdag 20. august.


Styret i UH-nett Vest gir kroner 250 000 i etableringsstøtte til den nye forskarskulen WNGER II. Den blir leia av Universitetet i Bergen og fagleg leiar er professor Rune Johan Krumsvik. Her presenterer han forskarskulen for styret i UH-nett Vest under Solstrandseminaret. WNGER II blir eit supplement til partnarinstitusjonanes eigne doktorgradsprogram og kandidatane disputerer ved den institusjonen dei. WNGER II vil gi kandidatane tilgang til eit breiare utdanningstilbod innan sitt fagområde, men og generiske doktorgradskurs innan etikk, metode, akademisk skriving, literature review, o.l.