First we take UH-nett Vest, then we take Berlin

UH-nett Vest si arbeidsgruppe for digital samhandling henta ny kunnskap og inspirasjon på studieturen til Online Educa Berlin (OEB) dei første dagane i desember.

– Reisa kom istand etter ein invitasjon frå Universitetet i Stavanger som tidlegare år har arrangert fellesturar til OEB for å byggje kompetanse og felles forståing av utfordringane ein står ovanfor i eigen organisasjon knytt til digitale spørsmål og læring, fortel Aslaug Grov Almås i arbeidsgruppa.

Erasmus + prosjektet «DIMEANE — Development and Implementation of Interactive Mobile E-learning Apps for European Nursing Education» var ansvarleg for studieturen i samarbeid med NETTOP og Programområde for E-Læring og Simulering på UiS.

– Prosjektet utviklar teknologi, metodar og innhald for e-kompendier som er interaktive. Me var om lag 40 deltakarar som reiste i UiS-regi og deltakarane kom frå UiS, UH-nett Vest, HiOA, Nottingham og Valencia.

Online Educa Berlin er ein svært omfattande konferanse.

– NETTOP hadde lagt til rette for gode møteplassar og eit skreddarsydd program med fokus på erfaringsutveksling.

Arbeidsgruppa bidrog også med egne programposter.
– David Parmentier og eg hadde eit innlegg om digitaliseringsprosjektet i Høgskulen på Vestlandet, og Jon Hoem fortalte om eit Erasmusprosjekt ved HiB, seier Aslaug Grov Almås.

oe_berlin_2016
Arbeidsgruppa er i gang med å planleggja eit nytt seminar.

Det blei også tid for arbeidsgruppa i UH-nett Vest til å planleggje aktivitetar i nettverket for våren 2017.

– Me jobbar med eit nytt seminar kor tema er samskriving og dokumentdeling, avsluttar Aslaug Grov Almås.